Utstilling: Nature Morte

lørdag 6. juni 2015 kl. 14.00

6. juni - 30. august 2015

Michael Petry med fleire
Internasjonal gruppeutstilling
Nature Morte 
diverse teknikkar

I nye fjoset og nye løa presenterer Hå gamle prestegard ei stor mønstring av internasjonale kunstnarar som arbeider med stillebentradisjonen. Utstillinga tek utgangspunkt i boka Nature Morte – Contemporary artists reinvigorate the Still-Life tradition av kunstnar og kurator Michael Petry. Petry har ved fleire høve vore på Hå gamle prestegard, sist gong med utstillinga The Art of not Making i 2013. Arbeida i denne utstillinga varierer frå små skulpturar laga av menneskebein til store videoinstallasjonar av rotnande tomatar på nye løa. Utstillinga skal visast fleire stader, men første stoppestad er Hå gamle prestegard. Frå Norge er kunstnarane Hanne Tyrmi, Jone Kvie, Jan Kjetil Bjørheim og Per Christian Brown representert. I tillegg kan ein sjå arbeid av mellom andre Mark Quinn, Peter Jones, Roberto Ekholm, Cindy Wright, Michael Petry og Sara Ekström.    

Gjennom heile kunsthistoria har stilleben, eller nature morte, vore eit viktig motiv for kunstnarane. Stilleben kom inn i kunsthistoria som sjølvstendig genre på midten av 1600-talet  då dei flamske kunstnarane byrja å måle oljemaleri med deira karakteristiske oppstilling av ulike objekt på ei flate. Linken mellom stilleben og død (som i Nature morte) kan me likevel finna heilt attende i dei egyptiske gravene der haugar med frukt og anna mat illustrerte kva overflod som venta i livet etter døden. Liknande oppstillingar finn me i mosaikkar og freskar frå antikkens Hellas. I somme av desse arbeida er det også oppstilt hovudskallar for å minne oss om at omnia mors aequat – i  døden er alle like.

Ikring år 1300 byrja Giotto (1267/76 – 1337) og hans samtidige å setje inn daglegdagse objekt i dei religiøse måleria.  Over tid hadde desse ulike objekta fått heilt spesielle meiningar som var lette å kjenne igjen for dei som såg måleria. Tidlege kristne, som hadde vore forfølgt, hadde utvikla eit eige hemmeleg språk ved hjelp av symbol. Fram til mellomalderen hadde desse symbola, og kva dei stod for, blitt så innarbeida at alle visste kva dei tyda. Ei rose kunne bety Jomfru Maria og ei lilje kunne mellom anna bety rein eller rettferdig. Eit granateple kunne vera kyrkja og ein fisk eller eit lam viste til Jesus.

På byrjinga av 1900-talet utmerka mellom anna Pablo Picasso (1881 – 1973) seg med sine kubistiske nytolkingar av stillebenet og frå 60-åra kjenner me godt til Andy Warhol (1928 – 1987 ) sine silketrykk av blomar.

I dag er det mange kunstarar som arbeider med måtar dei kan presentera døden på. I eit samfunn der me blir møtt med krig og død kontinuerleg gjennom nyheiter kan det vera vanskeleg å finna uttrykk som faktisk går inn på oss. Kva bilete kan kunstarar laga for å stilla opp mot fotografia av tortur i Abu Ghraib eller halshoggingane til IS? Døden har blitt fjern for oss, det er noko som angår andre, dei som er mindre heldige enn oss. Kanskje er det difor det over dei siste tiåra har vore så mange kunstnarar som igjen har teke i bruk stillebenet. Om det er bevisst eller ikkje, mange av kunstnarane som i dag nyttar stillebenet i sin kunst, nyttar dei same metaforane som kunstnarane nytta tidlegare. 

Deltakarar i utstillinga: 

Peter Abrahams * Sue Arrowsmith * Annie Attridge * Aziz+Cucher * Conrad Bakker * Barnaby Barford * Berthold Bell * Jan Kjetil Bjørheim * Elaine Bradford * Per Christian Brown * Mat Collishaw * Marcus Cope * Michael Craig-Martin * John Dugdale * Roberto Ekholm * Saara Ekström * Nancy Fouts * Nick Fox * Anya Gallaccio * Ana Genovés * Rigoberto A. Gonzalez * Cynthia Greig * Martin Gustavsson * Jefferson Hayman * Paul Hazelton * Todd Hebert * Renata Hegyi * Jim Hodges * Bill Jacobson * Alexander James * Peter Jones * Darren Jones * Edward Kay * Rob Kesseler * Jone Kvie * Alana Lake * Janne Malmros * Carol Marin-Pache * Livia Marin * Caroline McCarthy * Damien Meade * John Mitchell * Polly Morgan * Museum Clausum * Dermot O’Brien * Gabriel Orozco * Bruno Pacheco * Guillaume Paris * Michael Petry * Marc Quinn * Victoria Reynolds * Eric Rhein *Miho Sato * Rebecca Scott * Andro Semeiko * Jane Simpson * Jim Skull * Matt Smith * Rob Smith * Jennifer Steinkamp * Richard Stone * Yuken Teruya * Hanne Tyrmi * Maciej Urbanek * Mathew Weir * James White * Kraig Wilson * Cindy Wrigh

 

Martin Gustavsson. Maleri av kirsebær. - Klikk for stort bilete
Saara Ekstrøm. Videostill. Tomater på eit fat.  - Klikk for stort bilete
Nature Morte. Installasjonsfoto.  - Klikk for stort bilete
Nature Morte. Installasjonsfoto.  - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender