Kafeen på Hå gamle prestegard er open heile året. Frå mandag til fredag er det mellom anna servering av kaffi og lokal, heimelaga lefse. Om sommaren kan ein få seg nysteikte vaflar med syltetøy og rømme eller vår eigen variant av gresk salat.
I helgene heile året er det Nærbø Bygdeungdomslag som driv kafeen. I tillegg til kaffi og lefse har dei sjokoladekake og påsmurte rundstykke på menyen.
Lokala kan elles leigast ut til private arrangement utanom opningstidene. Ta kontakt med Hå gamle prestegard for meir informasjon.