MINIMAL
Kunst i microformat – internasjonal gruppeutstilling
Guy Limone (fr), Polly Gould (uk), Sarah Woodfine (uk), Walter Martin & Paloma Muñoz (us), Vincent Bousserez (fr), Daniel Dorall (au), Thomas Doyle (us), Akiko Ikeda (jpn), Liliana Porter (us), Danwen Xing (chi), Tessa Farmer (uk), Nils Olav Bøe (no)
MINIMAL presenterer kunstnarar som på ulike måtar arbeider med kunst i microformat. Sosiale relasjonar, samfunnskritikk, historieformidling og humor blir ofte teke opp som tema. Små format opnar for moglegheita til å diskutere større problemstillingar. Me ser oss sjølv med nye auge i møte med desse små skulpturane. Somme nyttar denne uttrykksforma til å setje søkjelyset på den skeive ferdelinga av rikdomane i verda eller til å sjå på korleis globaliseringa utviskar urbane særtrekk. Kanskje ligg fascinasjonen i korleis kunstnaren maktar å vera «spot-on» i ulike situasjoner. Banale og trivielle historiar er med eitt noko me kan forhalde oss til, dei alvorlege motiva set ting på spissen. Ved å stilla oss sjølv andlet til andlet med arbeida i utstillinga kan me forhalda oss til det faktum at me, trass alt, ikkje er meir enn små menneske i ei stor verd. Og me kjenner oss igjen i avmakta me møter til naturen og andre menneske.
LOUISA FAIRCLOUGH (uk)
Ground Truth
Film
Often at the time of the full moon, with my young son in tow, I cycle to the Severn to pitch the tent on the river bank. A tidal river, the Severn is strangely compelling: as we stand at the edge of the river listening to the roar of the oncoming tide rushing in from the sea, I am (in my head) shouting across the river into the night. The tide carrying with it my grief to the river’s source before being pulled out to sea. Louisa Fairclough
I utstillinga Ground Truth utforskar britiske Louisa Fairclough idear kring tap og øydelegging gjennom film, lydinstallasjon og teikning. Utstillinga består mellom anna av arbeida Song of Grief, Body of Water og Bore Song. I det siste arbeidet ser me ei ung kvinne som står ved elvebredden til Severn. Saman med tidevatnet høyrer me ein klagesang – ein song som berre består av ein einaste gjennomtrengande tone. Utstillinga inneheld òg små teikningar, laga av akvarellfargar og spytt. Her ser me ulike skisser av telt som kunstnaren har laga om natta – ho seier at dette er ein måte å kome nærare staden ho er på.
Sleep Vigilantly: Våren 2012 brukte Fairclough 2 veker på å sykle rundt på Jæren. Dei kalde aprilnettene tilbrakte ho i telt medan ho alltid hadde ein lydopptakar i nærleiken. Resultatet av denne perioden blir presentert i ein bunker ved Obrestad fyr. Dette er første del av eit større prosjekt som seinare skal synast ved fyret.
Louisa Fairclough ( 1972), bur og arbeider i Gloucestershire i Stor Britannia. Ho studerte på Slade School of Fine Art.
Fairclought har sidan ho var ferdig med utdanninga I 2000 hatt ei rekje utstillingar (Danielle Arnaud, London og
Residency at Meantime Project Space) og vunnet fleire prisar (Jerwood Drawing Prize 2011,
UK Film Council, Elephant Trust and Arts Council).
Takk til Darbyshire Framemakers for soklar og ATC for høgtalarar
FREDRIK RADDUM
Projection Bias
Skulptur
Hå gamle prestegard er glade for å kunne presenterer Fredrik Raddum på vår sommarutstilling. Kunstnaren vil fylle nye fjoset med skulpturar, samt at me får eit iaugefallande møte med Lump Head ute i gardsrommet.
Raddum arbeider primært med skulptur og installasjon og verka hans inneheld ofte dyr, menneske og element frå naturen. Materialvalet er ofte plast, syrefast stål og bronse. Dette gjer glatte og blanke overflater som kan minne om noko frå reklameindustrien, men som ved ein nærare studie avslører at det ligg eit alvor bak den glatte overflata. Raddum nytter ei form og eit biletspråk som knyter seg til barndommens univers og som formidlar bodskapen gjennom leik. Humoren er eit viktig element og dei karikerte figurane har ofte eit politisk og samfunnsengasjert bodskap.
I utstillinga Projection Bias møter me fleire skulpturar som legg opp til fritt spelerom for fantasien. Velkjente symbol og referansar møtes i nye samanhengar og framkallar både smil og ettertanke.
Fredrik Raddum er fødd i 1973 og bur og arbeider i Oslo. Han studerte ved Kunsthøgskulen i Oslo og har sidan 1999 hatt ei rekkje utstillingar og utsmykkingsoppdrag. I 2011 fekk separatutstillinga Get Lost ved ARoS i Aarhus stor merksemd. Til denne utstillinga blei boka med same tittel utgitt – boka mottok gull frå Grafill Visuelt.