Obrestad fyr

Obrestad fyrObrestad fyr Fyret ligg på ein odde, der kor den flate moreneryggen går over i lause lufta. Frå stova til fyrmeisterbustaden er det utsikt til havet på tre sider og mot aust ser ein Høgjæren. Fyret på Obrestad ser i stor grad ut som då det var fråflytta i 1991.

Berni Searle, sør-afrikansk kunstnar, utstilling i 2008Berni Searle, sør-afrikansk kunstnar, utstilling i 2008 Hå kommune kjøpte fyret av Kystverket i 2006 for å formidla kulturvernverdiane på anlegget og visa korleis fyr kan nyttast i nye samanhenger. Kvart år vert kunstnarar utfordra til å syne kunstprosjekt både inne og ute.

I 2008 var Obrestad fyr ein del av prosjektet "On the Edge/På eggen", ny kultur på fyra i Rogaland med eit særprega kunst- og kulturprogram i samband med Stavangerregionen som Europeisk kulturhovudstad. Berni Searle viste si utstilling Across Oceans på Obrestad fyr.

   
Ansvarlig redaktør Eva Watne