Ansatte og hjelparar i aksjon
Ansatte og hjelparar i aksjon
Påskeeggjakt i rullesteinane ved Hå gamle prestegard
Påskeeggjakt i rullesteinane ved Hå gamle prestegard
Familiedag påsken 2012
Familiedag påsken 2012

Vennelaget

Vennelaget for Hå gamle prestegard vart starta i 1986 for å fremja interessen for Hå gamle prestegard. I 2011 feira vennelaget 25 år i Hå gamle prestegard si "teneste".

Vennelaget for Hå gamle prestegard har ca 280 medlemmar.


Medlemskap i vennelaget gjer gratis adgang til alle utstillingar, du får invitasjon i posten og informasjon og invitasjon til deltaking på arrangement.

Våre faste arrangement er familiedagen i slutten av august og påskedagsfeiring med eggkoking, eggmaling og jakt på gøymde snopeegg. Frivillige hjelparar frå vennelaget gjer ein viktig jobb, ikkje berre på dei nemde arrangementa, men og på små og store hendingar i regi av Hå gamle prestegard.  

Ynskjer du å verta medlem, ring 51791660, eller skriv ein e-post med namn og adresse til kultur@ha.kommune.no.

   
Ansvarlig redaktør Eva Watne