Om Obrestad fyr

Fotograf: Thomas Bickhardt
fyrlykt fotograf Thomas Bickhardt

Etter automatisering av fyret og metereologitenesta er fyret ubetjent. Fyrbygningen frå 1873 ligg der som eit teknisk kulturminne, bygd i granitt og med alt utstyr og maskinar ståande att. På uteanlegget finn ein mange spor frå krigstida, både bunkersar og tufter etter brakker.

Fotograf: Hå kommune
Obrestad fyr fotograf Hå kommune

Fyrbygningen var opphavleg bygd som kombinert fyrstasjon og bustad. Spor etter den første fyrlykta kan ein framleis sjå framme i fyrbygningen mot vest. Fyrtårnet mot aust som i dag står, vart bygd av tyskarane under krigen.

Obrestad er eit "kystfyr" av 3. grads orden, og lysrekkevidden er 16,7 nautiske mil. Tåkeluren og trykktank, kalla "stuten på Obrest" kan ein framleis sjå på loftet. Andre rom synar små spor etter livet på fyret gjennom små skiftande utstillingar, m.a. om kvardagsliv på fyret, soldatlivet under 2. verdskrigen og veggmåleri i kjellaren, om Obrestad garden o.a. Frå 2008 husar og fyret ei utstilling om dei som bygde fyra: Fyrbyggerane.

På Obrestad blei det bygd ny fyrvaktarbustad av tre i 1902, så kom fyrbetjentbustad ("Rundehuset") i 1949 og til slutt familiebustad ("fyrmeister og hybel") i 1969. Hå kommune tilbyr overnatting og det er høve å leiga seg inn for å oppleva stemninga her for alle.

   
Ansvarlig redaktør Eva Watne