Hovedhuset
Våningshuset vart reist i 1789 med påbygg kring 1850. I dag rommer det kafé. Tal pål sitjeplassar rundt småbord fordelt på to store og tre små stover: 90. Pris kr 4000,- for ein kveld/ Privatpersonar i Hå kommune kr. 2500 og lag og foreninger kr. 1500.
Gamle løa
Den austre driftsbygningen er dels frå slutten av 1700-talet, dels frå slutten av 1800-talet. "Tilbygget" til den gamle løa vart teikna av sivilarkitekt Per Line, og her er resepsjon, kunstbutikk og bokhandel med kunstbøker, lokalhistoriske bøker og andre fagbøker. Den vert nytta til ustillingar og tilgjengeleg kapasitet vil avhenga av utforminga av utstillinga. Maks kapasitet: 105.
Nye løa
I 1927 vart "den nye løa" reist - den som ligg i vest. Den vert nytta til ustillingar og tilgjengeleg kapasitet vil avhenga av utforminga av utstillinga.
Første etasje: Maks kapasitet 100
Andre etasje: Maks kapasitet 190 (uisolert)
1902-huset på Obrestad fyr:
Det er plass til 24 personar til bords/ rundt eit langt møtebord. Me kan og setja opp med lerret og prosjektor. Huset vert nytta til kafe om sundagar i perioden 24. mars - 1. desember 2013.
Pris kr. 1500,- for private, kr 2500,- for bedriftar.
Ta kontakt for meir informasjon og prisar.