Endring/Oppseiing

Du må logga inn i Barnehageportalen for å endra eller seia opp plassen. 

Logg inn i Barnehageportalen.
Pålogging: MinID eller BankID. 

Når må du seia opp barnehageplassen?

  • Når du ikkje ønsker å ha barnehageplass lenger
  • Viss du flytter ut av kommunen og har barnet i ein kommunal barnehage. (Du kan behalda plassen ut semesteret)

Når barnet begynner på skule blir barnehageplassen automatisk sagt opp frå både private og kommunale barnehagar.

Private barnehagar har eigne vedtekter som bestemmer oppsigelsesreglar.

Oppseiingstid

Oppseiingstid av barnehageplass i kommunal barnehage er ein månad frå den første dagen i månaden etter at du har sagt opp. Det betyr at om du seier opp den 10. oktober, har du barnehageplass ut november.

  • Du må betala for plassen til oppseiingstida er slutt
  • Viss plassen blir sagt opp etter 31. mars, må du betala for plassen ut barnehageåret (fram til 15. august)
  • Viss du har takka ja til ein ny barnehageplass, og ikkje vil bruka han likevel, må du seia opp innan 1. juni. Viss du ikkje gjer det må du betala for august. 
  • Kommunen vil også kunna seia opp plassen ved manglande betaling
Fann du det du leita etter?