Opptak og fristar

Frist for å søka plass til hovudopptaket er 1. mars.

Hovudopptaket:

  • Barn fødd før 1. desember 2018 har rett til barnehageplass frå august 2019.
  • Barn fødd i september, oktober og november 2018 har rett til barnehageplass frå den månaden barnet fyller eitt år. Barnehagen og kommunen kan velge å tilby plass tidlegare

Viss det ikkje er plass i barnehagane du har søkt, får du tilbod om plass i ein annnan barnehage. Retten til barnehageplass blir innfridd når du mottek tilbod om plass i ein barnehage. Søker du om å byta barnehage er du også med i hovedopptaket, og vil få tilbod viss det er ledig plass. 

Dersom du har barnehageplass til barnet ditt, men ønsker å søka om endringar eller seia opp plassen, kan du gjera dette på Barnehageportalen.

Prioriterte plasser

Barn med nedsett funksjonsevne blir prioritet ved opptak til barnehage. Sakkyndig instans må stadfesta at barnet har nedsett funksjonsevne. Les meir på sida Barn med spesielle behov.
Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntjenester har også prioritet.

Kor har du rett til å få barnehageplass?

Barnet har rett til plass i den kommunen det bur i. Barnet kan få tilbod om plass i ein annan barnehage enn den de har søkt i, viss det ikkje er ledig plass i ønska barnehage.

Slik foregår opptaket

  • Me sender ut tilbod om plass i første opptaksrunde for hovedopptaket i løpet av mars. Svarfristen er på 8 dagar.
  • Lovfesta rett til plass garanterer ikkje at du vil få tilbod om plass i første opptaksrunde. Dette er fordi veldig mange av dei som er med i hovudopptaket har lovfesta rett til barnehageplass.
  • Etter første opptaksrunde blir det nye ledige plassar på grunn av at nokon takkar nei til tilbod, bytar barnehage, eller seier opp plassen sin. ​Desse plassane tilbyr me til søkarar i neste opptaksrunde. Søkarar som får tilbod i seinere opptaksrundar kan derfor få tilbod om plass i barnehagen som sto på førsteplass. 
  • Alle søkarar med rett til plass, og som ikkje har plass frå før, vil få tilbod om plass i hovudopptaket. Retten til plass gjeld frå august, tilbod kan om nødvendig bli sendt heilt fram til august.

Hovudopptaket blir avslutta når alle søkarar med lovfesta rett til plass har fått eit tilbod. Resten av plassane blir fordelt til søkarar i løpande opptak. 

 

Supplerande opptak

Viss det blir ledige plassar i løpet av året, får søkarar i dei aktuelle barnehagane fortløpande tilbod om desse plassane.  Dette gjeld også plassar med oppstart i august som er ledige etter at barn i hovudopptaket har fått tilbod.

Lovfesta rett til plass gjeld ikkje ved supplerande opptak. 

Når får du svar?

Me kan ikkje seia kor lang tid det vil ta før du får tilbod om plass. Ventetida er avhengig av når plassar blir ledige i rett aldersgruppe.

 

Fann du det du leita etter?