Pris og betaling for barnehageplass

Kva kostar det?

Kva kostar det?
Dagar i veka Pris
5 dagar (100%) kr 3 040
4 dagar (80%) kr 2 675
3 dagar (60%) kr 2 006

Barnehagane har 11 betalingsterminar. Det vert lagt til 10% på deltidsplassar.

Andre prisar i barnehage
Andre prisar Pris
Heildagsplass på enkle dagar (ved ledig kapasitet) 285 kroner per dag
Open barnehage 30 kroner per dag

Prisane gjeld for både kommunale og private barnehagar.

 

Når kan du få redusert barnehagepris?

Dersom du har fleire barn i barnehage

Du får automatisk søskenrabatt om du har fleire barn i barnehagen. 

  • Du betalar 70% for barn nummer to.
  • Du betalar 50% for barn nummer tre eller fleire.

Søskenrabatt gjeld sjølv om du har eitt barn i kommunal barnehage og eitt barn i privat barnehage.

Dersom husstanden har låg inntekt

Husstandar med lågare samla brutto årsinntekt enn 548 500 kroner kan søka om redusert pris. 

Alle 2, 3, 4, og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart, i familiar med samla brutto årsinntekt under 548 500 kroner (gjeld barnehageåret 2019/2020) kan søka om 20 timar gratis barnehage i veka.

For barnehageåret 2019/2020 gjeld gratis kjernetid for barn som er fødd i 2014, 2015, 2016 og 2017.

Her finn du søknadsskjema for redusert barnehagepris.
 

Søknadsfrist for redusert barnehagepris

Søknadsfristen er 1. juli for å få innvilga redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid frå og med august. Søknadar som kjem inn etter 1. juli vil bli behandla i august og vil gjelda frå september. 
 
Du kan søka gjennom heile året. Eit vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid vil normalt gjelda fra månaden etter at fullstendig søknad er mottatt.

Hugs at du må senda søknad om redusert foreldrebetaling kvart år. 

Gå til sida om redusert barnehagepris for lesa meir.

Fann du det du leita etter?