Slik søker du barnehageplass

Kommunen har felles samordna opptak for alle barnehagane i kommunen, både kommunale og private.

Du søker elektronisk og må registrera ein søknad for kvart barn. Du kan søka tre barnehagar.

Du kan søka plass heile året, men 1. mars er søknadsfristen til hovudopptaket som gjeld plassar frå august. Du vil få ei stadfesting på e-post når me har motteke søknaden din.

Du søker i barnehageportalen vår her.
 

Tilbod om plass 

Me sender ut tilbod om plass til e-postadressen du oppga i søknaden. Klikk på lenka i e-posten for å svara på tilbodet. Hugs at du må logga deg på med MinID eller BankID. 

Frist for å svara er 8 dager. Ved å takka ja til tilbodet, stadfestar du også å ha lese barnehagen sine vedtekter. Viss du ikkkje svarar innan fristen mister du plassen.

Viss barnet ditt har plass frå før, blir denne plassen automatisk sagt opp om du takkar ja til eit nytt tilbod.

 

Klagerett ved hovudopptak

Du har rett til å klaga og/eller be om ei skriftleg grunngjeving dersom du ikkje får ditt første eller andre ønske oppfylt i hovudopptaket.

Klagen skal vera skriftleg og sendast til Hå kommune.

 

Fann du det du leita etter?