Lyrikk

Levi Henriksen: Kjære deg min kjære

Dette er ei av dei finaste diktsamlingane frå nyare tid eg har lese. Det handlar om dei kjære: ektefellen, ungane, vennene, foreldra, søskena, Gud. Ei diktsamling om og i kjærleik, vil eg seie. Fleire av dikta kan eg kjenne meg igjen i, og samstundes humre av. Forlaget skriv om boka: "Dikt om kjærlighet, om barn, om foreldre og om det å være far, om vennene -- med andre ord det som gjør at mennesker blir noe annet enn bare seg selv. Levi Henriksens dikt beskriver opplevelsen av første gang og av siste gang: den blå streken på graviditetstesten, et barns fødsel, den siste dagen i barnehagen, vennen som døde. Kjære deg min kjære er et poetisk album skrevet av en mann med et halvt liv igjen å leve." Boka er ei av dei ein burde eige, men ho er ikkje i sal lenger, bortsett frå om du gjer eit bruktkupp. Så bruk biblioteket og få med deg denne! Lån boka på biblioteket!

Hege Susanne Bergan: Levepistolen

Å bli foreldre er ei grensesprengjande oppleving som ein nesten ikkje kan forstå før ein blir det. Dikta i denne fine samlinga handlar om det, og om korleis livet kan vere med barn. Fine små observasjonar av både det humoristiske og det alvorlege finst her. Om du ikkje har fått med deg denne tidlegare, har du no ei anbefaling. Lån boka på biblioteket!

Fann du det du leita etter?