Bibliofil

Klikk for stort bilete

For mange kort i lommeboka?

Last ned appen Bibliofil og få lånekortet ditt på mobilen. Om du har Nasjonalt lånekort kan du bruke det på alle bibliotek i heile Noreg.

Korleis startar eg å bruke appen Bibliofil?

Last ned appen til mobiltelefonen din via Playbutikk eller App Store.

Når du opnar appen må du først velje Rogaland fylke, og sidan Hå folkebibliotek.

Logg inn med lånenummeret ditt og ein firesifra pinkode. Om du ikkje har ein pinkode knytt til lånenummeret ditt frå før av, tek du kontakt med biblioteket, så vi kan trykke på knappen som genererer ein ny pinkode til deg.

Etter at du har logga inn med denne, kan du endre koden til ein kode du ønsker å ha (ikkje bruk bank-koden din).

I appen kan du

- sjå kva du låner akkurat no

- sjå kva du har reservert

- søke opp bøker frå basen til Hå folkebibliotek

- reservere

- sjå kva for andre bibliotek i landet du har knytt lånekortet ditt opp mot (viss du har nasjonalt lånekort)

- sjå kva andre familiemedlemmer har lånt og reservert (dersom dei har vore inne i Familiemappa og gjeve deg tilgang)

- fornye lån

Fann du det du leita etter?