eBokBib

Klikk for stort bileteMed lånekort og pin-kode kan du lasta ned og lesa e-bøker på mobilen eller nettbrettet ditt.

Lånetida på e-bøker er 3 veker. Bøkene vert "innlevert" av seg sjølv med mindre du aktivt leverer dei tidlegare eller fornyar lånet ditt.

Appen eBokBib må lastast ned først.

Det kan du gjera frå App-store (iOS) eller Play butikk (Android).

Logg inn med lånenummer (står på lånekortet ditt) og pinkode på fire siffer (kan skaffast i skranken på biblioteket eller via "Min profil" i Mappa Mi på nettsida vår. Trykk på "Endre PIN-kode").

eBokBib er utvikla for mobile einingar med iOS og Android operativsystem. Det krevst minium iOS 9.3.x eller Android 4.0 (4.1 for lydbøker).

Fann du det du leita etter?