Personvernerklæring (GDPR)

Klikk for stort bileteHå fokebibliotek handsamer dine personopplysningar i samsvar med personopplysningsloven og den til eikvar tid gjeldande lovgjeving.

Denne personvernerklæringa skildrar kva for personopplysningar vi mottar, samlar inn og handsamer når du blir låner, bruker Mine sider, og besøker denne nettsida (i det følgjande omtalt samla som "tenestane våre"). Med personopplysningar er det meint opplysningar og vurderingar som kan knyttast til deg som einskildperson.

Hå folkebibliotek, Hå kommune («Biblioteket») har ansvar for handsaminga av personopplysningar i samband med  tenestane våre.  Dersom du har spørsmål  relatert til personvernerklæringa, inkludert det du har krav på etter personvernlovgjevinga, kan du kontakte oss på: habib@ha.kommune.no

Lånehistorikk og lånedata – personopplysningar i biblioteksystemet

For å låne bøker og andre medier må du ha et bibliotekkort som du får ved å frivillig registrere deg som lånar i Biblioteksystemet me bruker - BIBLIOFIL - og/eller appen eBokBib (for lån av e-bøker). Det er inngått ein avtale for handsaming av data med systemleverandøren som sikrer at tredjepartane ikkje kan bruke personopplysningar utover det Biblioteket, som ansvarleg for handsaming av desse opplysningane,  har bestemt.
Personvernerklæring fra systemleverandøren Biblioteksystemer finner du på http://bibliofil.no/personvernerklaring.html.

Du kan når som helst avslutte medlemskapet ditt ved å kontakte oss på: habib@ha.kommune.no . Uteståande lån må leverast før medlemskapet kan avsluttast.

 

Bruk av informasjonskapslar (cookies) på www.ha.no/bibliotek/

Biblioteket samlar inn opplysningar om personar som besøkjer nettsidene våre. Dette gjer vi ved bruk av informasjonskapslar, såkalte cookies. Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir lagra på datamaskinen din når du besøkjer ei nettside. Lagring og handsaming av opplysningar som blir samla inn ved bruk av slike informasjonskapslar er bare tillate dersom brukaren har blitt informert om og har gitt samtykke til dette. Brukaren skal vite og godkjenne kva for opplysningar som blir handsama, kva føremålet er og kven som handsamer opplysningane.

Føremålet med bruk av informasjonskapslar

Hå folkebibliotek, Hå kommune («Biblioteket») samlar inn data ved bruk av informasjonskapsler for analyseføremål.  Vi måler trafikk og bruk av nettsidene og tenestane våre. Denne informasjonen bruker vi blant anna for å gjere nettsida vår så velfungerande som vi kan og best mogleg tilpassa brukaren.

Kva for opplysningar vi samlar inn ved bruk av informasjonskapslar

Biblioteket samlar inn og handsamer IP-adresser, samt adferden til den besøkjande på nettsida ved bruk av informasjonskapslar.

Biblioteket bruker informasjonskapslar frå tredjepart for å utføre webanalyser og for å ta i bruk webanalyseverktøy. Biblioteket bruker i all hovedsak Google Analytics for dette formålet. Ved Biblioteket sin bruk av Google Analytics, vil Biblioteket alltid ha anonymiseringsfunksjonen til verktøyet aktivert. Les mer om Googles personvernregler her.

Kven som  bruker opplysninger samla inn via informasjonskapslar

Opplysningane som blir samla inn via informasjonskapslar på www.ha.no/bibliotek/vil kun brukast internt. Opplysningane vil ikkje videreførast til tredjeparter utover det som er spesifisert ovanfor.

Du kan sjølv administrere bruk av informasjonskapslar

Ønskjer du ikkje at nettlesaren din skal levere ut informasjon om ditt besøk på www.ha.no/bibliotek/  kan du endre innstillingane i nettleseren din. Ver merksam at nettstaden ikkje vil fungere optimalt dersom du ikkje aksepterer informasjonskapslar. Du kan sjølv slette informasjonskapslar frå menyen i nettlesaren. Informasjonskapslane vil likevel opprettast igjen neste gang du besøkjer nettstaden vår med mindre du har endra innstillingane.

Sosiale medier

Funksjonen «Del med andre» kan brukast til å vidaresende lenker til nettstaden på e-post, eller til å dele innhaldet på sosiale nettsamfunn ( Facebook, Twitter, Google + og LinkedIn). Opplysningar om tips vert ikkje loggført hjå oss, men blir kun brukt der og då til å leggje inn tipset hjå nettsamfunnet. Vi kan likevel ikkje garantere at nettsamfunnet ikkje loggfører desse opplysningane. Alle slike tenester bør difor brukast med vett, og vi rår deg å lese gjennom personvernerklæringane til dei nemnte nettsamfunna. Dersom du nytter e-post-funksjonen, bruker vi bare de oppgitte e-postadressane til å sende meldinga vidare utan noko form for lagring.

E-post

Når du kommuniserer med oss via habib@ha.kommune.no blir meldingsutvekslinga midlertidig lagra slik at vi kan hjelpe deg best mogleg. Epost-utvekslinga blir lagra i kommunen sitt e-postsystem og sletta når den er ferdig handsama. Arkivpliktige henvendingar, til dømes formelle klager, blir lagra i kommunen sitt arkivsystem.

Rutinar for lagring og informasjonstryggleik

Dine personopplysningar vil bli lagra og handsama i samsvar med gjeldande personvernlovgjeving. Biblioteket vil gjennom planlagte og systematiske tiltak sørge for tilfredsstillande informasjonstryggleik med hensyn til konfidensialitet, integritet og tilgjenge vedhandsaming av personopplysningane dine. Personopplysningane dine vil kun bli lagra hjå Biblioteket så lenge det førekjem eit sakleg behov for dette, og under einkvar omstende ikkje lenger enn det som følgjer av den til eikvar tid gjeldande personvernlovgjeving. Opplysningane vil slettast eller anonymiserast når sakleg behov ikkje lenger er til stades.

Utlevering av opplysningar

Personopplysningane dine kan bli gjort tilgjengelege for leverandørane som etter avtale med oss førestår den tekniske eller administrative driften av nettstaden vår og tenestane våre. Når vi gir tredjepartar tilgang til personopplysningar på denne måten, sikrar vi at desse tredjepartane held krava våre til handsaming av personopplysningar og gjeldande lovgjeving.

Personopplysningar kan også utleverast dersom det føreligg lovhjemmel for dette eller vi blir pålagt dette av ein domstol eller annan offentleg myndigheit. Personopplysningane vil ikkje bli utlevert til land utenfor EU/EØS.

Din rett til å kreve innsyn, retting, sletting, avgrensning av handsaming og overføring av data

Du har til eikvar tid rett til innsyn i dei opplysningane som er registrert om deg og kan krevje retting, sletting (inkludert retten til å bli glemt) og rett til avgrensning av handsaminga i samsvar med gjeldande personvernlovgjeving. Dersom du ønskjer å setje i gang desse tiltaka, kan du når som helst kontakte oss påhabib@ha.kommune.no.

Du har vidare rett til å kreve å motta personopplysningar som du har gitt Biblioteket i eit strukturert, vanleg brukt og maskinleseleg format (dataportabilitet), i samsvar med personvernforordninga. Dersom det er teknisk mogleg, kan du også krevje å få overført personopplysningane direkte frå Biblioteket til ein annan ansvarleg for handsaminga.

Klageorgan

Dersom du mener at Biblioteket har behandla personopplysningane dine i strid med personvernlovgjevinga kan du til eikvar tid klage til Datatilsynet.

Endringer

Biblioteket kan revidere denne personvernerklæringa ved endringer i handsaminga av personopplysningar eller ved endringar i gjeldande lovgjeving. Når personvernerklæringa blir endra, vil den nye personvernerklæringa publiserast på nettsida vår. Dersom eventuelle endringar har noko å seie for personvernet ditt under denne personvernerklæringa, vil slike endringar bli godt synleggjort. Dersom endringane relaterer seg til handsaming av dine personopplysningar som vi utfører med grunnlag i ditt samtykke, vil du få sjanse til å avgi eit nytt samtykke.

Kontakt

Dersom du ønskjer meir informasjon om handsaminga vår av personopplysningar, kan du kontakte oss på habib@ha.kommune.no

Fann du det du leita etter?