Besøk i biblioteket på Nærbø

Klikk for stort bilete

Me tek gjerne imot besøk av både barnehagegrupper, skuleklassar og grupper frå vaksenopplæringa.

Me ser at fleire av barnehagane er flinke til å leggja inn besøk på biblioteket jamnleg. Det er koseleg og gildt at fleire av førskulelærarane legg dette inn i månadsplanane. Også fleire skuletrinn har fått oppgåver knytta til bøker og lesing og me får mange besøk av elevar, både einskildsvis og i grupper. Biblioteket er ope for alle. Barnehagar og skuleklassar er alltid velkomne til å bruka biblioteket i opningstida.

Dersom de ynskjer ei lesestund eller presentasjon av bøker, tek de kontakt med biblioteket på førehand. For tida er det Anette Madland som har hovudansvar for desse presentasjonane. De kan gjerne senda e-post direkte til ho, amad@ha.kommune.no for å gjera ein avtale.

Ved hovudbiblioteket på Nærbø plar me invitera skuleklassane ved Bø, Høyland og Motland til å besøkja biblioteket vårt etter denne planen:

  • 1. trinn om våren. Elevane får utdelt lånekort dersom føresette har skrive under på dette.
  • 6. trinn om hausten

For barnehagar på Nærbø er det eit flott opplegg i samband med Verdas bokdag, som er 23.april kvart år.

Fann du det du leita etter?