Bokkassar

Me lagar til bokkassar til barnehagar, SFO og skuleklassar.

Dersom du er tilsett i skule eller barnehage kan du oppretta eit institusjonslånekort i Biblioteket i Hå. Bøkene du ynskjer å låna til barna i barnehagen eller på skulen vert då lånt ut på institusjonslånekortet ditt og plassert i ein kasse. Slik vert det enkelt for deg å få med deg bøkene. Be gjerne om ein utskrift av lånet, slik at det vert lettare for deg å halda oversikt over bøkene.

Ved kontakt, gjev du beskjed kva type bøker du ynskjer deg. Nokre gongar er det aktuelt med bøker innanfor eit tema, eller bøker i ein bestemt sjanger. Andre gongar ynskjer du gjerne eit variert utval for å stimulera til leselyst.

Fann du det du leita etter?