Bokdrøs for barn 04.05.19

Bringsværd, Tor Åge:  Tambar på sykehuset (2018)

Tambar er sjuk og må på sjukehus. Det er både ei litt skummel og spennande oppleving. Trollkreftene kjem også til bruk, da mamma sin mobiletelefonen forsvinn og Tambar må stoppa tjuvane. Alder: 3-9 år. EMNE: Sykehus / Troll. Lån boka på biblioteket!

Grøntvedt, Nina E.: B for bestevenn (2018)

Om å ikkje heilt forstå reglane for leik. Bea ønskjer seg ein eller fleire bestevenn(ar) og prøver å passa inn i leiken til først det eine paret etter det andre. Bea er stort sett monster uansett kva dei andre leiker og det passar ikkje så godt. Bea vert lei seg og går litt for seg sjølv. Etter ei stund startar ho ein monsterleik åleine. Då finn Adil henne og dei vert to i leiken. Sjå godt etter Adil i dei føregåande bokoppslaga! Flott biletbok om vennskap og korleis koma inn i leiken. Alder: 0-6 år. Lån boka på biblioteket!

Starling, Robert: Brage tenner så det brenner! (2017)

Den lille dragen Brage er vanligvis ein hyggelig fyr, men viss nokon fortel han kva han skal gjera blir han fort veldig, veldig sint. Ein drage med dårlig temperament er ikkje ein god kombinasjon, noko vennane hans er i ferd med å finna ut. Han svir middagen (bokstavelig talt), han etterlater seg fotballmålet som en haug med aske og han kan overhovudet ikkj spela brettspill eller dataspel på ein rolig måte. Brage tykkjer det er urettferdig at han ikkje alltid kan få det som han vil. Han tykkjer også det er urettferdig at vennane hans unngår han. Mor til Brage påpeiker at det også er urettferdig at middagen, bollane, fotballmålet og brettspelet er øydelagt. Mora fortel at ho må telja til ti når ho vert sint. Brage prøver dette, og finn også ut at alle vennane hans har ulike måter å kjøla seg ned på. Dette er ei underholdande forteljing om sinnemestring. Alder: 3-9 år. Lån boka på biblioteket!

Litchfield, David: Bjørnen og pianoet (2018)

En liten bjørnunge finner en dag noe merkelig i skogen. Når han trykker ned tangentene starter en eventyrlig reise til storbyer og berømmelse. Men, berømmelse er ikke alt, han savner livet i skogen og vennene sine.Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet. Alder: 3-9 år.  EMNE: Musikk / Tilhørighet / Vennskap. Lån boka på biblioteket!

Spires, Ashley: Den mest fantastiske tingen (2019) - ikkje presentert

Ei jente har fått ein fantastisk ide som ho prøver å realisera. Ho både teiknar og tenkjer, ho finn materiell, måler og snekrar. Men det går ikkje heilt som planlagt. Ho får det rett og slett ikkje til som ho har tenkt, og då reagerer hun med sinne. Heldigvis har ho med seg assistenten – hunden sin. Når jenta er aller mest frustrert, får hunden jenta med på ein luftetur. Nåt dei kjem tilbake etter turen, er det lettare å sjå løysingar. Dette er ei inspirasjonsbok for å få dei yngste til å bli interessert i tekniske ting, og til å skapa ting. Det er lett å kjenne seg igjen i historien. Alder: 3-9 år. EMNE: Fantasi / Frustrasjon / Oppfinnelser. Lån boka på biblioteket!

Fann du det du leita etter?