Om Bokåret 2019

Klikk for stort bileteI år er det Nasjonalt bokår. Bokåret er ei nasjonal feiring av boka, lesing og lesarane og går gjennom heile 2019.

Kvifor er det nasjonalt bokår i 2019?

For 500 år sidan blei det for første gong gitt ut to trykk på norsk. Det i seg sjølv er grunn nok til å feira.I tillegg til dette jubiléet, er Norge i år gjesteland på bokmessa i Frankfurt. Det inneberer at norsk litteratur vil få ein egen paviljong på 2300 kvm på årets bokmesse, der norsk litteratur blir vist fram til heile verda. I samband med det å vere gjesteland på bokmessa i Frankfurt, vil det vere fleire kulturelle og litterære arrangement i norsk regi rundt om i heile Tyskland i 2019.

Ei bok for alle - Bokåret 2019 i Hå

Nasjonalbiblioteket har til saman delt ut  27 millioner kroner til arrangement rundt om i landet for å markera bokåret 2019. Biblioteket i Hå var heldige og fekk tildelt 40 000 kr frå Nasjonalbiblioteket for å gjenomføra fleire ulike typer arrangement med variasjon i emner og for ulike alders- og interssegrupper. Tittelen på prosjektet er "Ei bok for alle - Bokåret 2019 i Hå". Målet med prosjektet er at flest mogleg skal oppdaga bøker som engasjerer dei.

Vil du lese meir om bokåret, dei første norske trykka eller om bokmessa i Frankfurt?

På Nasjonalbiblioteket si side kan du lese meir om Bokåret 2019.

Hjå Kulturrådet kan du lesa om dei første norske trykka.

På NORLA (Norwegian Litterature Abroad) si prosjektside kan du lese om bokmessa i Frankfurt.

Fann du det du leita etter?