"Hele Rogaland leser"

Hele Rogaland leser er eit litteraturformidlingsprosjekt som skal gi alle i Rogaland ei felles leseoppleving, samt auka interessa for litteratur frå fylket.

Hele Rogaland leser-bøkene blir delt ut i Biblioteket i Hå (samt alle andre folkebibliotek i Rogaland), i september. Rogaland fylkeskommune er prosjektansvarleg. Titlane blir vald blant bøker gitt ut  av forfattarar med sterk tilknytning til Rogaland. Her kan du lese meir om "Hele Rogaland leser".

 

"Hele Rogaland leser"- bok for 2019: Skamløs

 

Skamløs er skriven av Amina Bile (f. 1998), Nancy Herz (f. 1996) og Sofia Nesrine Srour (f. 1994). Boka inneheld historiar frå ni jenter med etnisk minoritetsbakgrunn som er utsett for sosial kontroll i Noreg. Forteljingane gjev eit innblikk i ni ulike skjebner, forskjellige måter å bli kontrollert på, ulike måter å styre og ha makt over jenter på. Boka diskuterer korleis det er å bli konstant  korrigert og gjort til skamme. Jentene deler sine eigne erfaringar på veien mot skamløyse - og sine beste hijab hacks.Dei starta rørsla som i media blir kalt "De skamløse jentene", og som for alvor sette negativ sosial kontroll på agendaen.

Boka blir delt ut i alle bibliotek i Rogaland frå lørdag 14. september 2019.

For arbeidet sitt har Amina Bile, Nancy Herz og Sofia Nesrine Srour blant anna motteke Fritt Ords Honnør (2017).

Her kan du lesa meir om boka Skamløs. 

Fann du det du leita etter?