Møterom og studieceller

Biblioteket på Nærbø har to møterom og to studieceller til utlån for lag, foreiningar og andre,

Biblioteket på Ogna har eit lite møterom som det går an å låne i biblioteket si opningstid. Dette blir også brukt av skulen.

Møterom 1, Nærbø, har plass til 12 personar og møterom 2 har plass til 8-10 personar. Når det gjeld møterom 1, er det lag og foreiningar som har førsteprioritet.  Begge dei to møteromma kan nyttast utover biblioteket si opningstid.

I tillegg har biblioteket på Nærbø to studieceller.  Studiecelle 1 kan nyttast også etter at biblioteket er stengt, studiecelle 2 kan nyttast i opningstida til biblioteket.

Ein må bestille tid på førehand for å nytte både møterom og studieceller. Bestilling av møteromma skjer via skranken (personleg oppmøte, telefonsamtale eller e-post). Bestilling av studiecellene kan du gjera sjølv ved å skriva deg på vekelistene på dørene til desse cellene.

15-minuttsregelen:

Er rommet ledig og den som har skrive seg opp på rommet ikkje har møtt etter 15 minutt, kan du sjølv føra deg opp på rommet.

Fann du det du leita etter?