Innleveringskassar på Vigrestad

Klikk for stort bileteDet dreg ut med ombygging av biblioteket på Vigrestad, så derfor har vi fått lov til å setje to innleveringskassar i gangen på Coop Extra på Vigrestad fram til biblioteket opnar igjen.

 

Kassane vil bli tømde tysdag og torsdag føremiddag. Om du puttar noko i kassen torsdag ettermiddag, vil det ikkje nå bibliokteket før tysdag føremiddag, og det vil kunne bli sendt ut purrevarsel i mellomtida. I jule-, påske- og sommarferien vert ikkje kassane tømde. Vi håpar at Vigrestad-buen framleis vil bruke biblioteka på Ogna, Varhaug og Nærbø like aktivt som tidligare, men at innleveringskassane vil vere til hjelp i ein travel kvardag.

 

Opningstider ved dei andre avdelingane:

 

Ogna:

måndag 10.00-18.00
tysdag 09.00-15.00
onsdag 09.00-18.00
torsdag 10.00-15.00
fredag 09.00-14.00

Varhaug:

måndag og tysdag 08.30-15.00
onsdag og torsdag 08.30-18.00
fredag 08.30-14.00

Nærbø:

måndag, tysdag, torsdag 10.00-18.00
onsdag og fredag 10.00-15.00
laurdag 10.00-14.00

Endra opningstider ved høgtidsdagar og feriar.
 

Fann du det du leita etter?

Opningstider

Stengt!

Kontakt

Biblioteket Vigrestad
Telefon: 51793680