Publisert 23.09.2019

 Laurdag 5. oktober kl. 11.00-13.00. Biblioteket på Nærbø

Det blir introduksjon i prosessen frå å lage eit design på Tinkercad til å printe i 3D. Vi skal lage ein nøkkelring. Med denne opplæringa kan du kome på biblioteket og bruke 3D-printeren når du vil. Les gjerne meir om 3D-printing i biblioteket!

Ta med eigen berbar pc + mus. Lag gjerne ein brukar på Tinkercad.com før du kjem (gratis).

For alle. Barn under 8 år i følgje med vaksne. Gratis. Påmelding til bibnar@ha.kommune.no.

Publisert 19.09.2019

Tysdag 29. oktober kl. 14.00–15.00. Biblioteket på Nærbø.

Språkdrøs er for alle som ynskjer å snakke norsk. Me møtest til ein hyggeleg og uformell prat over ein kopp kaffi eller te. Gratis. Velkommen!

Publisert 14.09.2019

Tysdagar kl. 13.00-14.30. Biblioteket på Varhaug

Klubb for deg som går på mellomtrinnet. Her kan du blant anna prøve deg på 3D-printing, vinylkutting og sy på symaskin. Gratis.

Datoar i haust: 24. sept., 1. okt., 15. okt., 22. okt., 29. okt., 5. nov., 12. nov. og 19.nov.

Publisert 28.08.2019

Måndag 30. september kl.18.00. Biblioteket på Nærbø

 Boka Skamløs (2017) av Amina Bile, Nancy Herz og Sofia Nesrine Srour er årets bok i Hele Rogaland leser. Boka inneheld historiar frå ni jenter med etnisk minoritetsbakgrunn som er utsett for sosial kontroll i Noreg. Jentene deler sine eigne erfaringar på veien mot skamløyse - og sine beste hijab hacks. Forfattarane kjem til biblioteket og diskuterer skam, æreskultur og dei kreftene som prøver å setje grenser for oss.

Kaffi/te/twist. Gratis. Støtta av Fritt Ord.

Publisert 26.06.2019

Tysdag 15. oktober kl.18.00. Biblioteket på Nærbø

Fann du det du leita etter?