Årshjul for overgangen frå barneskulane til Nærbø ungdomsskule

I lag med Nærbø ungdomsskule har me laga ein prosedyre for overgangen til 8. trinn. Alle partar har eit ynskje om å gjera overgangen så trygg og god som mogleg, og me startar med å bli litt betre kjend med kvarandre.

November - besøk frå ungdomsskulen:
To representantar frå elevrådet, lagleiar og rektor på Nærbø ungdomsskule kjem på besøk til alle elevane på deira heimskule. Her kan de og stille spørsmål om det er noko de lurer på.

Mellom vinterferien og påske - foreldremøte:
Alle føresette vert invitert til foreldremøte i aula på Bø skule. Her er og elevane inviterte, det er viktigast at dei føresette kjem. Mellom anna vil ungdomsskulen gje viktig informasjon om karakterar og fråvær, samt val av språkfag/arbeidslivsfag og valfag. Meir informasjon + valskjema finn de under "fil" til høgre på ungdomsskulen si nettside

Mai - overgangssamtalar:
Lærarane på Nus kjem til barneskulane for å ha overgangssamtalar med elevar, føresette og lærarane på barneskulen. Det er viktig å vere førebudd, og me tek utgangspunkt i skjema for overgang mellom barne- og ungdomsskule. 

Juni - skulebesøk og "bli kjent-kveld":
Elevane på 7.trinn kjem på skulebesøk på NUS. Her får de ein omvising på skulen, og de får møte kontaktlærar og dei andre lærarane på trinnet. I juni blir det og ein "bli kjent-kveld" der alle elevane på trinnet kan bli betre kjent.

NB! Eiga innkalling til dei ulike aktivitetane kjem når me har dato klar. Dette kjem litt an på tidspunkt for eksamen. Har de spørsmål i samband med overgangen, er det berre å ta kontakt med anten barneskulen eller Nærbø ungdomsskule.

Fann du det du leita etter?