Skada og døde dyr

Alle personar har eit ansvar for å hjelpa sjuke og skada dyr.

Kommunen har eit særskilt ansvar for ivaretaking av hjortevilt som er skada etter påkøyringar. Dette betyr at ein ofte må ettersøka og avliva hjort som er skada etter påkøyringar. Her finn du litt info om korleis du kan hjelpa:

Skada dyr

Har du funne eit skada viltdyr?
  1. Ring politiet 51 89 90 00 eller 02800
  2. Dersom politiet ikkje tar saka, kan de ringa hundeførarar i Jæren jakt og fiskelag:
Viltkontaktar
Hundeførar Adresse Telefonnummer
Livar Andre Lura Sandnes 924 21 566
Øystein Nese Kleppe 975 49 912
Ida Sollie Kvernaland 404 86 985
Frank Nerås Orre 900 66 812
Thomas Breien Rennesøy 922 65 278
Tor Helge Bjorheim Kleppe 913 45 501

Send også ei melding til landbrukssjefen på hgis@ha.kommune.no i ettertid for registrering og rapportering.

Har du funne ein skada sel eller kval ved sjøen?

Ring Fiskeridirektoratet tlf 55 23 83 36 (døgnopen sentral)

Har du funne ein skada fugl?

(Gjeld ikkje kråker, duer osv.)
Ta kontakt med Norsk viltsykehus i Sokndal ved veterinær Avid Livnat tlf. 403 19 426. 

Har du funne ein skada hund, katt eller eit anna skada eigarlaust dyr:

Ta dyret med til veterinær.Dersom tek med dyret til veterinær, skal veterinæren senda rekninga for nødhjelp til Mattilsynet. Veterinæren får betalt etter faste satsar. Andre nødvendige utgifter kan du krevja å få dekka direkte fra Mattilsynet.

Døde dyr

Har du funne eit dødt dyr langs kommunal veg?

Ring teknisk vakt 51 79 30 90, eller send e-post til teknisk.drift@ha.kommune.no

Send også ei melding til landbrukssjefen på hgis@ha.kommune.no i ettertid for registrering og rapportering av viltdyr.

Har du funne eit dødt dyr langs ein fylkesveg?

Ring 175 eller meld på www.vegvesen.no

Send også ei melding til landbrukssjefen på hgis@ha.kommune.no i ettertid for registrering og rapportering av viltdyr.

Har du funne eit dødt dyr på eigedommen din?

Dersom dyret har døydd naturleg og kadaveret ikkje er til vesentleg sjenanse eller forureinar, kan det bli liggande i naturen. Send også ei melding til landbrukssjefen på hgis@ha.kommune.no i ettertid for registrering og rapportering. Kommunen har ingen generell plikt til å ta hand om, grava ned eller fjerna anna dødt vilt. Herredsvela Transport tilbyr innhenting av kadaver i mesteparten av Rogaland og Vest Agder.

Har du funne ein død hund, katt eller kanin?

Ta dyret til politi eller veterinær, som har scanner for ID.

Fann du det du leita etter?