Om Hå gamle prestegard

Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg.

Hå gamle prestegard er ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria. Anlegget, som ligg ved havet, består av ulike jærhus, som våningshus og andre driftsbygningar.

Anlegget har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar, kommisjonssal av kunst, kafé med lokale matvarer, seminar og utleige av lokale. I tillegg leigar me ut til overnatting på Obrestad fyr.

Me arrangerer konsertar og konferansar, og litteratur- og temakveldar. Fast vandring i utstillingane kvar sundag kl. 13.30. Ellers omvising etter avtale.

Prestegarden er ein av dei mest besøkte utfartsstadene på Jæren, og er eit godt utgangspunkt for kortare og lengre turar langs Kongevegen og Nordsjøvegen.  Anlegget er ein del av Hå kommune sin kulturminnevernplan. Området rundt Hå gamle prestegard har ei rik historie som går 8200 år tilbake i tida.

Video frå NRK

Embetsmannsbustad, prestegard, administrasjons- og kultursenter frå 1600-talet

Den første prestegarden på Hå vart truleg bygd kring 1630 - då som privat prestegard og vert drive som prestegard fram til 1919.  

To brannar herja prestegarden - i 1725 og 1787. Dei noverande bygningane er frå tida etter siste brannen. Våningshuset, som i dag rommar kafe, vart reist i 1789 med påbygg kring 1850. Den austre driftsbygningen er dels frå slutten av 1700-talet, dels frå slutten av 1800-talet. I 1927 vart ”den nye løa” reist - den som ligg i vest. Driftsbygningane er i dag utstillingslokale.

Jærhuset som vart flytta til Hå i 1985 erstatta den gamle forpaktarbustaden som stod på same staden frå 1834 til midten av 1950-talet.

Prestegarden på Hå låg i heile denne perioden langs hovudferdselsåra mellom Stavanger og Sørlandet, og vidare til Danmark. Sjøvegen og den gamle Kongevegen gjorde staden sentral. I 1847 blei det første skulehuset i prestegjeldet satt opp her. Også politisk og sosialt var prestegarden sentral i bygda. I 1919 vart Hå fråflytta som prestegard, men blei drive som eit lokalt gardsbruk frå 1930-talet.

I 1977 kjøpte Hå kommune garden som blei opna for publikum i 1983. Dette har tilført området nye funksjonar og nytt liv.

Strandgravfeltet

Langs kysten på Jæren finn ein kring 800 gravrøyser. Hå-gravfeltet ligg på rullesteinstranda ved prestegarden. Dette er eit av dei finaste gravfelta i Norden frå ca. 300 til 700 e.Kr. Gravrøysene har ulik form og storleik. Det er funne både glasperler, spinnhjul og våpen. Desse er no på Arkeologisk Museum i Stavanger.


Steinalderbuplassen

I tunet på prestegarden er det eit fornminneområde med 8.200 år gammal busetnad. Funna frå dette området dannar grunnlaget for ei permanent utstilling om menneska og naturen på Hå i steinalderen. Utstillinga er for tida stengd grunna opp-pussing.

Per Inge Bjørlo Arvid Pettersen honningrommet1_nettet.jpg justert_pixler_begynnelser_iv_-_en_fortsettelse._eli_glader.jpg hgp-2015-banner2.jpg Fotograf: Asle Haukland
Sist endra 07.04.2017
Fann du det du leita etter?