Opplevingar og turforslag i Hå kommune

HÅ KOMMUNE
Dette er noko av det du kan du oppleva.

Sykkelruter på Jæren

KONGEVEGEN
Langs Jærkysten kan du følgja tråkk etter folk og fe gjennom mange tusen år. Spor av den forhistoriske holvegen og den historiske Kongevegen frå 1600-tallet følgjer delvis turstien som har fått namnet "Kongevegen", som går frå Nærland til Sirevåg. Fleire av dei gamle spora er framleis synlege. Strandsonen med Kongevegen er svært rik på kulturminne og heile området er landskapsvernområde. Frå Hå gamle prestegard til Kvassheim er turstien merka som kystveg med blå staker. Mange startar med strekninga Hå gamle prestegard-Varhaug gamle kyrkjegard. 14 turstrekningar med kart finn du i Kongevegen i Hå. Turhåndbok av Hanne Thomsen (Hå kommune, 2005), som er digitalisert av Nasjonalbiblioteket.  Boka er framleis til sals på Hå gamle prestegard og på Hå rådhus.

LANGS JÆRSTRENDENE
Fylkesmannen  i Rogaland i samarbeid med TV Vest har laga filmar som visar det rike innhaldet av landskapsområde, artsmangfald og opplevingar me finn langs Jærstrendene.  

Sjå filmane: 
Introduksjonsfilm: 

Tungenes:     Sola:      Ølberg:     Hellestø:    Bore:    Orre:    Refsnes:    Hå:   Kvassheim:     Brusand:   Ogna:

​​​​​​​
KYSTPILEGRIMSLEIA
Hå gamle prestegard og Obrestad fyr er nøkkelstad langs Kystpilegrimsleia.
For å koble leia til kulturhistoriske stader langs kysten, har ein i arbeidet med Kystpilegrimsleia valgt å etablere såkalla nøkkelstader, som pilegrimen kan oppsøkja for å få pilegrimspasset sitt stempla.
Kystpilegrimsleia.

Vandreruter 
Fra Nærbø stasjon til Hå gamle prestegard og Obrestad fyr (PDF, 410 kB)
Egersund – Obrestad/Hå gamle prestegård med tog (PDF, 477 kB)
Egersund – Obrestad/Hå gamle prestegård. Vandring (PDF, 570 kB)
Obrestad/Hå gamle prestegård – Stavanger med tog (PDF, 460 kB)
Obrestad/Hå gamle prestegard – Stavanger domkirke (PDF, 408 kB)

Hå gamle prestegard  - Klikk for stort bileteHå gamle prestegard Hå gamle prestegard