Møte, seminar og selskap

Meny Elisabeth Tønnessen



















 

 


 

MØTEROM MED LUNSJ

Minimum 10 personar, max 45 personar.
Prisar inkluderer lunsj, møterom med projektor og wifi.
Gratis parkering.

Kafeen er i våningshuset frå 1789 med påbygg kring 1850.
Maten i kafeen er basert på gode lokale leverandørar.
Kjøtt frå Malmin & Orre på Klepp, laks frå Fonn i Eigersund, Jarlsbergost produsert på Nærbø, lefse frå Møyfrid Njærheim, saft frå Køhler-paviljongen, saft og syltetøy frå Per Gunnar Frafjord, eplemost frå Berentsens Brygghus, muffins frå Nærbø bakeri og konditori.


For grupper på meir enn 40 personar er det mogleg å leige møterom i utstillingslokala om utstillingane tillet dette. Kontakt oss for meir informasjon.

LEIGE UTANOM OPNINGSTIDA:

KAFEEN
90 sitjeplassar rundt småbord fordelt på to store og tre små stover. Den største stova har plass til 40. 

Prisar for lokale
Kr 5500 for privatpersonar
Kr 8000 for bedriftar
Kr 3500 for privatpersonar i Hå kommune:

Ved matservering 50% rabatt på lokale for grupper (min. 10 pers.).

LEIGE AV UTSTILLINGSLOKALA
Utstillingslokala kan leigast ut til private arrangement når utforminga av utstillingane tillet dette.
Gamle fjoset har maks kapasitet til 105 personar, nye fjoset maks 100 personar og nye løa maks 190 personar (uisolert lokale). Me gjer merksam på at utstillingane er prioritert og at det kun er i nokre tilfelle at dette lar seg gjera. Kontakt Hå gamle prestegard for meir informasjon og prisar.

1902-HUSET PÅ OBRESTAD FYR
Det er plass til 24 personar til bords. Rommet har lerret, projektor og wifi. Huset vert nytta til kafe om sundagar i perioden palmesundag - 1. oktober.
Pris kr 2500,- for private, kr 3000,- for bedrifter.

Ta kontakt for meir informasjon

51691660 eller post.hgp@ha.kommune.no


Me leiger og ut til overnatting på Obrestad fyr.

Bestilling: tlf 51791660 eller e-post: Leie.ObrestadFyr@ha.kommune.no

 

Fann du det du leita etter?