Å melda bekymring til barnevernet
Det er viktig at du melder frå til barnevernet dersom du er bekymra for eit barn. Meldinga frå deg kan vera viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.
Du treng ikkje å vere sikker på at noko er galt før du melder. Barnevernet vurderer alltid om dei skal gjera noko med meldinga.
Barneverntenesta går gjennom alle meldingar. Det vert avgjort om situasjonen er akutt, om meldinga skal henleggast, eller om barneverntenesta skal undersøka vidare.
Publisert03.03.2016 14:58