Hukommelsesteamet

Klikk for stort bileteHukommelsesteamet er eit tverrfagleg team som består av sjukepleiarar i Hå kommune, fastlegar, heimesjukepleien og andre yrkesgrupper i kommunen.

Kva er hukommelsesteamet?

Hukommelsesteamet er eit tilbod for heimebuande som opplev nedsett hukommelse. Hensikten er å kartlegge om problemet skuldast ein demenssjukdom. Vi lyttar til deg og din familie, gir råd og rettleiing og finn løysingar som passar til den enkelte. Tidleg innsats og oppfølging saman med fastlege er nøkkelen.

Korleis komme i kontakt?

  • Ta kontakt med din fastlege for å få henvisning til hukommelsesteamet.
  • Heimesjukepleien i ditt område kan hjelpa deg vidare.

Kva er demens?

Demens er ein fellesbetegnelse for ei gruppe sjukdommar i hjernen.

Hukommelsessvikt kan vere normale aldersforandringar, men er i nokre tilfeller teikn på demenssjukdom.

Tidleg utgreiing og diagnostisering er viktig slik at dei rette tiltaka blir iverksett for brukarar og pårørande.

Teikn på demens kan vere:

  • Hukommelsestap
  • Gjentaking
  • Tap av initiativ
  • Svekka dømmekraft
  • Gløymer tidlegare kunnskap
  • Humørforandringar
  • Problem med vanlige oppgaver
  • Språkproblemer
  • Desorientering i forhold til tid og stad
  • Endra personlegheit
Fann du det du leita etter?