Sjukeheim

Sjukeheimane i Hå har tilbod om korttidsopphald, rehabiliteringsopphald og langtidsopphald, øyeblikkeleg hjelp og lindrande behandling.

På Hå sjukeheim er det fire langtidsavdelingar og ei rehabiliteringsavdeling med korttidsopphald og øyeblikkeleg hjelp. Kvar avdeling har eigen leiar.

Klokkarhagen er særs tilrettelagt for personar med demens og legg til rette for fysisk aktivitet, rekreasjon og sansestimulering. Sjukeheimen har og tilknytt dagsenter.

Postadresse: Lyngvegen 14, 4365 Nærbø

Søk sjukeheimsplass

Sjukeheim

.
Kva kostar det å bu på sjukeheim?

Departementet avgjer kva det kostar for eit korttidsopphald. Pr. 01.01.2019 kostar det 165 kr pr. døgn. Dersom opphaldet varer lenger enn 60 dagar skal betalinga vera lik som for langtidsopphald.

Kva du skal betala for langtidsopphald vert rekna ut slik:

  1. 75% av inntekta som er under folketrygda sitt grunnbeløp minus eit fribeløp (pr 01.01.2019 er fribeløpet 8400 kr), pluss
  2. 85% av inntekta som er over folketrygda sitt grunnbeløp, inkludert renteinntekter og anna formueinntekt

Om du vil finna ut meir om betaling for sjukeheimsplass kan du lesa Forskrift om eigenandel for helse og omsorgstenesta

Kva er eit korttidsopphald?

Det er eit målretta og tidsavgrensa opphald i sjukeheim. Målet med opphaldet kan vera å kartlegga helsetilstand, hjelpebehov og opptrening slik at ein kan få att funksjon og koma att til eigen heim. Tilbodet kan vera rullerande.

Kva er rehabiliteringsopphald?

Målet med eit rehabiliteringsopphald er å kartlegga helsetilstand, hjelpebehov og rehabilitering slik at ein kan koma att til eigen heim. Avdelinga har styrka bemanning på fysioterapi, ergoterapi og legetenester.

Kva er langtidsopphald?

Eit langtidsopphald er tilbod om permanent opphald for personar med behov for pleie og omsorg heile døgnet.

 

Kva er øyeblikkeleg hjelp (ØHD) i sjukeheim?

ØDH er eit alternativ til å verta innlagd på sjukehus, for akutt sjuke vaksne personar med kjent og avklart sjukdom, der det er behov for døgnkontinuerleg behandling og observasjon over kort tid.

Vidare omsorgsbehov blir vurdert innan om lag 72 timar.

Det er fastlegen, sjukeheimslegen, lege i akuttmottak eller legevakt som henvis til ØHD.

Kva er lindrande behandling i sjukeheim?

Lindrande behandling er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med uhelbredeleg sjukdom og kort forventa levetid.

 

Kontakt

Kristine Os
Leiar Hå sjukeheim 2. etg. korttid
Telefon: 51 79 99 01
Tove Dubland
Leiar Klokkarhagen sjukeheim
Telefon: 51 43 62 80
Marianne Bjorland
Leiar Hå sjukeheim 4. etg.
Telefon: 415 32 786
Brit Jorunn Waldeland
Leiar Hå sjukeheim 3. etg.
Telefon: 415 32 741
Bente Holen
Leiar Hå sjukeheim 1. etg.
Telefon: 415 32 745

Kart

Fann du det du leita etter?