Legekontor Nærbø

Elektroniske legetenester Bytt fastlege

E-konsultasjon til legen

E-konsultasjon kan du bruka ved helsetilhøve som legen allerede kjenner til.
Det er eigenandel på dette som for vanlig konsultasjon. Ein betaler derfor ikkje for barn under 16 år, og frikortsystemet gjeld. Du vil få tilsendt giro utan gebyr. NB: Svartida er normalt 1-2 dagar, men kan vere inntil 5 dagar.

E-kontakt til legekontoret

Dette er eit godt alternativ til å ringe legekontoret.
Her kan du for eksempel fornye reseptar og bestilla / avbestilla legetime.

Ikkje send medisinske spørsmål via e-kontakt. Bruk då heller e-konsultasjon, som går rett til legen.

E-brev

Me kan sende meldingar til deg elektronisk, til dømes om svar på undersøkingar og forskjellige prøver. Du vil då få ein e-post om at du må logge deg inn for å lese meldinga.

Primærhelseteam

Nærbø legesenter er med i det nasjonale prosjektet primærhelseteam. Prosjektet varer fram til mars 2023 og inneber:

  • Primærhelseteamtanken er ein integrert del av arbeidet ved legekontoret på Nærbø, og er tenkt å gje eit breiare oppfølgingstilbod for dei med kroniske helseplager.
  • Legekontoret har fått tilsett fleire sjukepleiarar som i større grad deltek i pasienthandteringa i lag med fastlege og andre tilsette.
  • Legekontoret arbeider som eit team der dei ulike yrkesgruppene ivaretek ulike deler av behandlinga.
  • Fastlegen har det overordna ansvaret og er leiar for teamet rundt den enkelte pasient.

Opningstider

Måndag - torsdag kl. 08.00 - 15.00
Fredag kl. 09.30 - 15.00

Telefontid: Det er ikkje fast telefontid. Ved korte spørsmål, og ved avklaring om konsultasjon, kan ein ringa å be om at legen ringer opp att.

Kontakt

Legekontor Nærbø
Telefon: 51 79 98 00

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?