Legekontor Vigrestad

Elektroniske legetenester Bytt fastlege

E-konsultasjon til legen

E-konsultasjon kan du bruka ved helsetilhøve som legen allerede kjenner til.
Det er eigenandel på dette som for vanlig konsultasjon. Ein betaler derfor ikkje for barn under 16 år, og frikortsystemet gjeld. Du får sms for mobilbetaling dagen etter at legen har svara på e-konsultasjonen. Dersom du betalar innan 12 timar er det ikkje gebyr.

E-kontakt til legekontoret

Dette er eit godt alternativ til å ringe legekontoret.
Her kan du for eksempel fornye reseptar og bestilla / avbestilla legetime.

Ikkje send medisinske spørsmål via e-kontakt. Bruk då heller e-konsultasjon, som går rett til legen.

E-brev

Me kan sende meldingar til deg elektronisk, f.eks om svar på undersøkingar og forskjellige prøver. Du vil då få ein e-post om at du må logge deg inn for å lese meldinga.

Opningstider

Måndag - torsdag kl. 08.00 - 15.00
Fredag kl. 09.30 - 15.00

Telefontid: Det er ikkje fast telefontid. Ved korte spørsmål, og ved avklaring om konsultasjon, kan ein ringa å be om at legen ringer opp att.

Kontakt

Legekontor Vigrestad
Telefon: 51 79 35 00

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?