Legevakta

Legevakta er eit tilbod til deg med akutt sjukdom eller skade som ikkje kan vente med behandling til neste dag.

Vanlegvis vert hjelpa gitt ved legevakta på Bekkeheien (Adresse: Rimestad 16). Ved behov kan legen koma i sjukebesøk.

Når du treng legehjelp skal du:

  • ringa fastlegen din på dagtid
  • ringa legevakta 116 117 når hjelpa ikkje kan vente
  • ringa 113 når det er akutt og står om liv

Hvis du er i ein annan kommune og treng å få kontakt med legevakta i Hå, kan du ringa 51 79 35 70.

"Slik nyttar du legevakta best" (PDF, 473 kB)

er ein brosjyre der du får råd om:

  • Når du bør kontakta legevakta
  • Råd og hjelp på telefon
  • Ventetid på legevakta
  • Betaling og refusjon

Opningstider

  • Time etter avtale mellom 15.15 og 07.45 på kvardagar, og heile døgnet laurdag og søndag.
  • Telefonbestilling av time frå klokka 16.30 kvardagar og frå klokka 08.00 i helg.

Kontakt

Legevakt Bekkeheien
Telefon: 116 117

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?