Kafé

La deg freiste av heimelaga mat basert på lokale råvarer. Ta deg ein velfortjent pause i dei tradisjonsrike lokala våre, eller nyt havutsikta frå uteserveringa vår. 

Ingeborg Skrudland

Velkomen til kaféen på Hå gamle prestegard

Kaféen ligg i hovudhuset på Hå gamle prestegard. Huset er oppført i 1787 og var opphaveleg eit våningshus, nytta som prestebustad for soknepresten og hans familie i Jæren prosti. Våningshuset ligg omkransa av driftsbygningar, eit gammalt jærhus og ein flott hage. Huset har god utsikt til havet og er i dag heimekoseleg innreia med moderne kunst frå kunstbutikken, tradisjonelle jærstolar og leikerom til dei minste. I tillegg til vanleg kafédrift blir huset nytta til føredrag og andre arrangement. Hunder er ikkje tillatt inne.

Hjå oss kan du lesa aviser og tidsskrift som Stavanger Aftenblad, Jærbladet, Klassekampen og Bondevennen. Kom innom for eit solid måltid eller ein kopp varmande kaffi eller te.

 

Fotografi av prestedatter Mathilda Holm, ved portstolpene utfor Hovedhuset på Hå gamle prestegard, 23. november 1904. Fotograf: prestesønn John Landstad (1870-1954)