Kjøp kunstVil du ta med deg kunsten heim? Kunstbutikken byr på eit variert og stadig fornya utval av biletkunst, keramikk, tekstil, glas og smykke frå profesjonelle norske og nordiske kunstnarar. Kunstbutikken på Hå gamle prestegard Oddbjørn Erland Aarstad Butikken passar godt når du treng gåver til konfirmasjon, bryllaup eller andre anledningar. Er du usikker på kva du skal velja, kan du kjøpa gåvekort som kan brukast i kunstbutikken, kafeen, bokhandelen og på utstillingane.Følg kunstbutikken på Instagram BokhandelI bokhandelen finn du bøker om kunst, arkitektur, kunsthandverk, kulturhistorie, lokalhistorie, bøker for barn og mykje meir.Me har katalogar laga til eigenproduserte utstillingar og til spesifikke kunstutstillingar.Me sender gjerne i posten.BedriftskunstforeningMe har eit godt tilbod for bedriftskunstforeiningar.For bedriftkunstforeiningar tilbyr me mellom anna kveldsvisningar og kan arrangere enkel servering i vår kafé.Ta kontakt for meir informasjon eller avtale om møte.Epost: post.hgp@ha.kommune.noGavekortGåvekort hjå Hå gamle prestegard kan nyttast i kunstbutikken, frå utstillingane, i bokhandelen og i kafeen. Du bestemmer sjølv summen. Me sender gjerne til deg. For bestilling eller spørsmål ta kontakt på post.hgp@ha.kommune.no.Rettleiing og hjelpsam betjeningSamlar du på kunst, eller leitar du etter noko heilt spesielt?Me hjelper deg gjerne med tips, råd og oversikt over teknikkar og kunstnarar, slik at du finn akkurat det du er ute etter.Kontakt kunstbutikkenHar du spørsmål?ta gjerne direkte kontakt med kunstbutikkenTelefon: 51791660 Epost: post.hgp@ha.kommune.no Instagram: @hgp.shop