Bilete

Turområde i Hå

Kongevegen

Merka veg/turløype - flatt landskap
Lengde: Husvegg - Grødalandstunet 4,9 km veg, 
Grødalandstunet - Obrestad 2,5 km 
Obrestad - Hå gamle prestegard - Nærland 2,8 km
Parkering: Varhaug gamle kyrkjegard, Grødalandstunet, Hå gamle prestegard
Tilkomst: Eigen transport
Kart: Turkart Jæren

 

Pilegrimsvandring - Langs Kongevegen 

Pilegrimsvegen går frå Varhaug gamle kyrkjegard langs Kongevegen til Tusenårsstaden Obrestad, vidare til Hå gamle prestegard, Kristkrossen, den 1000 år gamle steinkrossen på Njærheim, tilbake til kongevegen ved elva bak Hå gamle prestegard og vidare langs Kongevegen til Stefanuskyrkja på Nærland.
Lengde: Varhaug - Hå gamle prestegard 8 km
Hå gamle prestegard - Kristkrossen på Njærheim 2 km
Kristkrossen - Stefanuskyrkja på Nærland 4 km

 

Synesvarden - Aniksdalsheia

Merka sti
Lengde: Holmavatn - Synesvarden - Steinkjerringa - Holmavatn 10 km, 2,5 timar
Vandavatn - Synesvarden - Steinkjerringa - Vandavatn 12 km , 3 timar
Korphaugane - Steinkjerringa 5 km, 1,5 time
Parkering: Holmavatn, Vandavatn, Korphaugane, Kartevoll
Aktivitetar: Fiske (fiskekort)
Kart: Turkart Jæren

 

Den Vestlandske hovudveg

Nedlagt riksveg frå Ogna til Hegrestad bygd i 1840. Kupert fjell-landskap - sykkelstandard
Lengde: 7 km, 2,5 time
Parkering: Ognahallen, Hegrestad ved Hellvik
Tilkomst: Eigen transport, tog Hellvik/Ogna
Aktivitetar: Bading
Kart: Turkart Jæren

 

Ogna - Ueland - Homse

Sti og drifteveg. Kupert
Lengde: Hetland - Ueland 4 km 1,5 timar
Ueland - Homse 5 km 2 timar
Parkering: Hetland kraftstasjon
Tilkomst: Eigen transport. RV 44 til Ogna. Bilveg til Hetland kraftstasjon. Tog til Ogna stasjon
Aktivitet: Bading
Fiske: Ognaelva (fiskekort)
Kart: Turkart Jæren

 

Ognaheia 

Merka sti langs grusveg 1,6 km, så sti mot Homse omlag 1 km. Småkupert terreng.
Parkering: Herredsvela (gjennom tun til merka P plass)
Tilkomst: Avkøyring Rv 44 Brusand mot Kartevoll. Avkøyring Fuglestad mot Herredsvela 2 km.

 

Haugstadskogen 

Merka sti i lett terreng
Lengde: 3,5 km turveg. 3 km skogstiar - lysløype
Parkering: P-plass
Tilkomst: Tog til Vigrestad. Eigen transport
Kart: Turkart Jæren

 

Risaskogen

Edellauvskog med rikt planteliv og murar etter 11 kvernhus
Parkering: P-plass, Risa 4 km vest for Undheim
Tilkomst: Eigen transport

 

Holmane - Vatnamot 

Sti med sykkelstandard. Tidlegare gammal ferdselsveg
Lengde: 1 km
Parkering: Nedlagt riksveg ved Holmane gamle skulehus
Tilkomst: Eigen transport

 

Hanabergmarka

Turvegar
Kulturminne- og friluftsområde på Kvia og Audamotland
Informasjonstavler
Parkering: P-plass ved Jærmuseet, Nærbø
Tilkomst: Tog eller eigen transport

 

Nærbøparken

Nærbøparken er ein oase i sentrum av Nærbø, med eit yrande og eksotisk fugleliv.
Turen gjennom parken tek omlag 20 minutt.
Det er gode moglegheiter for å sette seg ned og sjå på fuglane. Du kan og ta turen gjennom den opplyste
aktivitetsløypa i parken, som er 700m lang med 13 postar.

 

Vedafjell

Tysk kystartillerianlegg som var ein del av forsvaret av Jæren under krigen
Fleire lange tunellar. Ta med lommelykt
Parkering: P-plass
Tilkomst: Tog til Sirevåg, eigen transport

Fann du det du leita etter?