Stort engasjement på frivilligbørs

Klikk for stort bileteFrivillige lag og organisasjonar, næringslivet, enkeltpersonar og Hå kommune gjennomførte nyleg frivilligbørs i Nye Loen på Nærbø. Det var fyrste gong i Hå og Rogalands historie.

Hensikten er å skapa ein møteplass slik at frivillige avtalar på tvers kan inngås utan at det kostar pengar. 34 slike avtalar vart signert av ulike aktørar i Hå. Alt dette med mål om at me saman skal skapa endå betre liv og gode lokalsamfunn.

Hå kommune ønsker å løfta i lag med dei frivillige og næringslivet - og det var akkurat det me gjorde på frivilligbørsen. Den vart gjennomført på skikkeleg «børs» vis med signering av kontraktar. For kvar avtale som vart gjort, ringte børsklokka. Det var til tider kø framfor «børsmeklaren». Mange frivillige var gode medhjelparar. Blant anna elevar frå Nærbø ungdomsskule som har valfaget: frivillig arbeid.

Takk til alle som var med på å gjera dette til noko nytt og spennande til beste for så mange. Dette vil me gjerne gjenta.

 

 

Sjå arrangement på Facebook!

Frivilligbørs

Kvifor bør du som frivilleg eller frivillig organisasjon delta?
  • For å bli meir synlege.
  • For å visa kva de brenn og arbeider for å Hå.
  • For å finna samarbeidspartar til prosjekt og aktiviteter.
  • For å visa fram ressursane de har og finna nye samarbeidspartnarar.
  • For å byggja nettverk, få fleire medlemmar og visa dykk fram.
  • For å byggja nettverk og læra.
Kvifor bør du som arbeider i kommunen delta?
  • For å bli meir synleg.
  • For å finna personar, organisasjonar eller bedrifter som kan gjera tenesta di endå betre.
  • For å byggja nettverk og møta engasjerte organisasjonar og bedrifter.
  • For å bidra til samarbeid og samspel i Hå.
  • For å støtta frivillig engasjement og lokalsamfunnet.
Kvifor bør bedrifta di delta?
  • For å bli meir synleg.
  • For å kunna visa verdiane til bedrifta di i praksis.
  • For å vera med å byggja Hå kommune.
  • For å byggja nettverk og læra.
  • For å vera samfunnsnyttige samtidig som de byggjer lagkjensla i bedrifta.
  • For å støtta frivillige lag og organisasjonar og lokalsamfunnet.

 

Kontakt

Merethe Elin Kvia
Frivilligkoordinator
Mobil: 900 58 247
Fann du det du leita etter?