Søknad 2022 med frist 19. apris
Hå kommune kan gi tilskot til rehabilitering av private hus innan kommunen. Summen som står til rådvelde for slikt tilskot vert talfesta i årsbudsjettet, p.t. kr. 150.000 pr. år. Hus og anlegg i verneklasse A og B skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Ein skal og kunne gi tilskot til andre hus og anlegg ut frå vurderingar om kulturvern. Tildeling av tilskot vert gjort ein gong i året etter søknad. Søknadsfristen er i midten av april kvart år.
Søknaden må innehalde:
- Namn på søkar
- e-post
- telefonnummer
- skildring av planlagt arbeid
- søknadssum
- gards/bruksnummer og adressa til huset/ anlegget det gjeld
Søknad om tilskot kan sendast til: Hå kommune v/kulturvernavd., Håvegen 347, 4365 Nærbø. E-post:
post.hgp@ha.kommune.no
Det finst elles ei rekkje støtteordningar for istandsetting av verneverdige bygningar og miljø. Desse kan endra seg noko frå år til år. Sjå Riksantikvaren Norsk Kulturminnefond Rogaland fylkeskommune Fylkesmannen i Rogaland