Visjon

…lyst på livet….

leike, lære og utforske i det nære og kjære

og for oss tyder det:

Merksame og trygge vaksne, spanande opplevingar, gode erfaringar, og vaksne i barnehagen som verdsett vennskap blant små barn.

 

Hå kommune sine verdiar: OPEN, DRIFTIG OG STOLT   Klikk for stort bilete

 

 

OPEN:

Vi er eit fellesskap bygget på ulikheit.

Vi ser barna som subjekt og møter dei som likeverdige menneske.

Vi tek barna på alvor og gir dei medverking.

Vennskap er viktig i «lyst på livet», og vi ønsker at alle barn skal ha minst ein ven.

Vi vil vere rause og tilgjengelege og imøtekommande i alle situasjonar.

Vi vil møte andre menneske, både små og store, frå både fjern og nær, med forståing, respekt og verdsetjing.

 

DRIFTIG:

Vi vil vere varme, til stades, aktive, engasjerte og tydelege vaksne som tek det vaksne ansvaret når det er naudsynt.

Vi ser kvart enkelt barn og kvart enkelt barn sine behov.

Vi vil gi barna ei kjensle av meistring ved å gi plikter og ansvar dei har moglegheit til å meistre.

Vi veit at e trygg tilknyting og gode relasjonar mellom barn og vaksne er avgjerande viktig for barns utforsking, læring og meistring.

 

STOLT:

Vi ønsker at barn og vaksne skal oppleve trivsel og glede kvar dag i barnehagen.

Smil og latter og «tulling og tøysing» skal vere ein del av kvardagen.

Vi ønsker at barna skal utvikle empati, bry seg om kvarandre, hjelpe kvarandre og kunne sette seg inn i andre sine kjensler.

Saman vil vi gjere så godt vi kan kvar dag –

og de vaksne skal vere gode og kloke.

Saman vil vi ha det gildt.

og vi vil at alle skal ha lyst til å gå i barnehagen kvar dag

Fann du det du leita etter?