Kantine

Skulemåltid

Skulen har tilbod om skulemåltid 4 dagar i veka for elevane på 3. til 7. trinn, og 3 dagar for 1. og 2. trinn. Det vert servert brød og knekkebrød med eit godt utval pålegg; så som skinke, ost, kaviar, makrell i tomat, egg og eggerøre. Det er og agurk, paprika, salat og tomat. Ein dag i veka vert det servert varmt måltid.

Frist for å melde endringar og/eller oppseiing er 24. august for hausthalvåret og 1. januar for vårhalvåret. De kan levera lapp eller sende e-post til: post.motland.skule@ha.kommune.no

Frukt

Kvar dag før lunsj får elevane som abonnerer på frukt ei bakke med frukt og grønsaker inn til klasserommet som dei kan forsyna seg frå. Dei kan ta ei frukt og ei grønsak. Fristar for endring/oppseiing er likt som for skulemåltid.

Mjølk

Elevane som abonnerer på mjølk kan forsyne seg frå mjølkedispenser med lettmjølk i lunsjen. I tillegg så er det kartongar med heilmjølk for dei som ønskjer det. Fristar for endring/oppseiing er likt som for skulemåltid.

 

For dei som ikkje har hatt avtale om skulemåltid, mjølk og frukt så ligg det påmeldingsskjema her.

Fann du det du leita etter?