Ny elev

Registreringsskjema (PDF, 84 kB)

Foreldre/føresette til elevar som skal begynne i 1. klasse blir kalla inn til foreldremøte i januar før skulestart. Ved innkalling vert det og sendt med eit skjema for innskriving til skulen.

Vidare så har kommunen retningslinjer for ein god oppstart gjennom tilpassa skulestart. Alle nye førsteklassingar vert invitert til skulen 4 gonger og vi har eigne overgangsamtalar i tillegg. Skulen har samarbeid med alle barnehagane på Nærbø om dette og har eigne møter med føresette dersom barnet ikkje går i barnehage. På den siste samlinga før sommaren møter elevane gruppa si og kontaktlæraren sin dersom det er mogleg.

Tettstaden Nærbø har to barneskular og vi har saman med Bø skule ei skulekrinsgrense som avgjer kva skule ein skal gå på. Denne er det gjort endringar på, seinast for skuleåret 16/17. Hå kommune har fritt skuleval så sant det er plass. Dersom ein ønskjer å gå på ein skule utanfor den skulekrinsen ein bur i, må ein sende søknad til skulesjefen.

Elevar som skal byrje midt i året pga. flytting eller endring i livssituasjon tek kontakt med administrasjonen på skulen.

 

Fann du det du leita etter?