SMU - Samarbeids og miljøutval

SMU er skulen sitt høgste rådsorgan og deira råd har ekstra tyngde når skulen tek avgjerslene sine. Når det gjeld skuleruta så er det SMU som gjer det endelege vedtaket.

SMU består av 3 representantar frå elevrådet (elevrådsstyret), 2 representantar frå FAU, 3 representantar frå dei tilsette (2 lærarar og 1 frå andre arbeidsgrupper) og 2 frå skuleeigar (ein politikar og rektor). Rektor er sekretær for møtet og har ikkje stemmerett. 

På første møte vert det valt leiar og nestleiar for SMU. Vi har 1-3 møter pr. halvår. Det er rektor som kallar inn og skriv referat.

Fann du det du leita etter?