Møte med klassekontaktane

Leiargruppa inviterer til møte for klassekontaktane på Motland skule. Møtet blir torsdag 19. september kl. 18-19 på personalrommet. 

 

Klassekontaktane speler ei sentral rolle for eit godt sosialt miljø på Motland skule. Leiinga på skulen inviterer til eit møte med alle klassekontaktane der vi går gjennom nokre av oppgåva som ligg til klassekontaktane. Dette skal være eit idémyldringsmøte der de kan kome med forslag og innspel. På heimesida til Motland skule ligg det eit informasjonshefte for klassekontaktane. Fint om de ser gjennom det før vi møtes.

Fann du det du leita etter?