Personvernerklæring

Personvernerklæringa handlar om korleis Hå kommune samlar inn, brukar og lagrar personopplysningane til dei som tek kontakt med oss og besøker nettsidene våre.

Rådmannen i Hå kommune er ansvarleg for kommunen si behandling av personopplysningar. 

Personvernombod i Hå kommune er Hilde Eidsaa Bjorland. 
Du kan kontakta Hilde på telefon: 51 79 31 01 eller på e-post: hibj@ha.kommune.no

 

1. Kva er personopplysningar?

Personopplysningar er alle opplysningar og vurderingar som kan knyttast til deg som enkeltperson.

 

2. Hå kommune samlar inn personopplysningar når:

  • Du har bedt om innsyn
  • Du har meldt deg på eit kurs eller eit seminar
  • Du abonnerer på nyheitene våre
  • Du har sendt oss ei melding eller søknad
  • Du har motteke eller sendt brev til Hå kommune

3. Kva blir registrert når du bruker nettsida vår?

3.1 Søk

Hå kommune lagrar informasjon om kva søkeord brukarane skriv inn på nettsidene. Føremålet med lagringa er å forbetra nettsidene og søkefunksjonen. Det er bare søkeorda som blir lagra, og desse kan ikkje bli knytta til andre brukaropplysningar.

3.2 Dela innhald

Funksjonen "Del med andre" kan brukast til å dela innhaldet på sosiale nettsamfunn, som for eksempel Facebook eller Twitter. Opplysningar om deling blir ikkje loggført hjå Hå kommune. Me kan likevel ikkje garantera at tredjepart ikkje loggar desse opplysningane. Alle slike tenester bør derfor brukast med vit.

3.3 Video

For å spela av video inne i nettartiklar bruker Hå i stor grad YouTube. YouTube samlar inn data når du speler av ein video. Denne informasjonen bruker YouTube/Google til å finna ut meir om brukarmønsteret til dei som ser på.

Hå kommune bruker ei teneste hjå firmaet Aventia til å overføra kommunestyremøte på nett-tv. Når du ser på kommune-tv, vil Aventia samla inn trafikkdata som mellom anna viser kva møte du ser på, og kor lenge du ser på direktesendinga. 

3.4 Abonner på nyheiter

Nyheitsabonnement baserer seg på samtykke. Abonnent må bekrefta e-postadresse, og akseptera at Hå kommune kan senda nyheiter til e-postadressa di.

3.5 Tilbakemeldingsfunksjon

"Fann du det du leita etter?" er ein funksjon me har nedst i nokre av artiklane på nettstaden. Her kan du gi tilbakemelding om du fann informasjonen du leitte etter, eller ikkje. Me bruker tilbakemeldinga til å forbetra innhaldet på nettstaden. Funksjonen blir ikkje brukt til saksbehandling, og me ber deg derfor om ikkje å registrera spørsmål som du ønsker svar på her. Du må heller  ikkje registrera sensitiv informasjon her. Funksjonen bruker IP-adressar for å avgrensa talet på tilbakemeldingar frå same adresse i eit gitt tidsrom. IP-adressa er anonymisert, slik at data som blir lagra ikkje kan sporast.

3.6 Elektroniske skjema

For å kunna bruka elektroniske skjema på nettsidene våre, må du samtykka til behandling av personopplysninger i skjemaløysinga.

3.7 Informasjonskapslar

Når du bruker nettsidene til Hå kommune, legg nettlesaren din igjen elektroniske spor og informasjon. Me bruker informasjonen til å forbetra innhaldet på nettsidene, og dei kommunale tenestene.

I følge Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova), må alle besøkande på ein nettstad få vita om nettstaden nyttar informasjonskapslar. Dei må og ha tilgang til informasjon om årsaken til at desse blir brukt. Besøkande må samtykka til at informasjonskapslar blir brukt. Dette blir godkjent gjennom innstillingar i nettlesaren.

Merk deg at om du ikkje godkjenner dette, vil du kanskje ikkje kunne bruka alle funksjonane på denne nettstaden. Ved å bruka denne nettstaden, samtykker du til behandling av data om deg, til dei føremål som er lista opp under. 

Informasjonen som informasjonskapslane henter inn, bruker me for å gjera brukaropplevinga betre. Informasjonen blir bare brukt internt og hos samarbeidspartnarar som jobbar med nettutvikling for oss.

Me bruker ikkje informasjonskapslar for å kartlegga enkeltbrukarar, eller samla anna informasjon som vil kunna krenka personvernet. 

Denne nettstaden bruker følgande informasjonskapslar:

Namn på informasjonskapsel

Bruksområde

 Siteimprove

Gir oss oversikt over kva sider ein brukar er innom i løpet av ei økt.

Me bruker denne informasjonen til å forbetra nettsidene, og hjelpa deg til å finna relevant informasjon raskare.

ASP.NET_SessionId

Denne informasjonskapselen frå ASP.NET blir aktivert om du loggar deg inn på nettstaden. Han blir brukt for at nettstaden skal klara å skilja brukarar, og hugsa val som den enkelte brukaren har teke. Informasjonskapselen indentifiserer ikkje deg som person.

.ASPXANONYMOUS

Cookie fra ASP.NET som blir aktivert om du loggar inn på nettstaden. Cookien lager ein unik ID utan å identifisera deg som person, og sjekker om du er korrekt innlogga. Føremålet med kapselen er å la deg bruka nettstaden som innlogga brukar, utan at du blir logga ut. Cookien «hugsar» at du er innlogga.

 Intralink

Informasjon og funksjonalitet knytt til automatisk pålogging for tilsette i Hå kommune som er logga på kommunal PC i administrasjonsnettverket.

Nmstat

Lagar ein tilfeldig ID som kjenner igjen nettlesaren din. Informasjonskapselen inneheld ikkje personleg informasjon, og blir bare brukt til webanalyse.

Lang

Informasjon om språkinnstillingar.

 __AntiXsrfToken

 Anti-XSRF token som skal hindra XSRF-angrep.

På www.nettvett.no kan du lesa om korleis du stiller inn nettlesaren for å godta/avvisa informasjonskapslar, og få tips til sikrare bruk av internett.

 

4. Lagring av personopplysningar

4.1. Kvifor behandlar me personopplysningar om deg?

Personopplysningar blir registrert i arkivsystemet for å kunna senda ut informasjon, og for å letta innsyn. Me behandlar personopplysningar i arkivsystem etter det som er pålagt i arkivlova.

4.2 Kva for nokre personopplysningar blir behandla?

Me behandlar opplysningar som namn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer og e-postadressar. Andre opplysningar som kan finnast om deg i våre register er helseopplysningar, nummerskilt på bil, eigedomsregister, medlemskap i organisasjonar, lag og foreiningar, etnisk bakgrunn, livssyn med meir.

4.3. Kva er det rettslige grunnlaget for behandlinga av personopplysningane?

Alle offentlege organ har plikt etter arkivlova § 6 til å halda arkiv. Opplysningane blir henta inn og oppbevart etter personopplysningslova § 9. Dei skal ikkje slettast eller korrigerast, etter personopplysningslova § 17.

4.4 Kven har tilgang til mine opplysningar?

Dokument som kjem inn til eller går ut frå kommunen sitt sak- og arkivsystem, blir registrert i den offentlege postjournalen. Ingen dokument ligg opne her. Interesserte må aktivt be om innsyn, sjølv om dokumenta er offentlege. Innsynskrav blir fortløpande behandla i kommunen. Mange ulike fagsystem som inneheld sensitive personopplysningar (til dømes helseopplysningar ), er avgrensa til ansvarleg saksbehandlar og eventuelle partar i saka. Du kan til dømes be om innsyn i dine eigne helseopplysningar, men ikkje i andre sine.

Sak- og arkivsystemet loggfører kven som har lest eller redigert opplysningar.

Politiske saker og byggesaker blir fortløpande publisert. Desse dokumenta ligg opne på nett, og kan lesast i fulltekst utan å be om innsyn.

4.5 Korleis hentar me inn opplysningane?

  • Direkte frå den registrerte personen for eksempel via nettskjema, nasjonale register som folkeregisteret eller matrikkel (eigedomsregisteret).
  • skulegang
  • sjukeheimsopphald
  • arbeids-, klient- eller pasientforhold

Nokre opplysningar kan vera henta inn utan samtykke, jamfør personopplysningslova § 9. Dette fordi kommunen har plikt til å halda arkiv etter arkivlova § 6 .

4.6 Korleis blir opplysningane arkivert og sletta?

Opplysningar i arkiv skal i utgangspunktet bevarast slik dei er. Offentlege arkiv har kulturell eller forskningsmessig verdi. Dei inneheld rettslig eller annan viktig dokumentasjon, som må bevarast og gjerast tilgjengeleg for ettertida.

Dersom du likevel ber om korrigering i, eller sletting av opplysningar om deg, blir spørsmålet ditt arkivert saman med opplysningane. Du kan klaga på avslag om korrigering eller sletting.

4.7 Blir opplysningane utlevert til tredjepartar?

Gjennom dei elektroniske løysningane til kommunen,  vil ein del informasjon om deg kunna førast over til eksterne mottakarar, som NAV, sjukehus, Utdanningsdirektoratet osv. Ingen opplysningar blir utlevert frå arkivsystem til andre fagsystem, utan godkjent databehandlaravtale. Ein databehandlaravtale skal sikra at personopplysningar blir behandla i samsvar med regelverket.

 

5. Innsyn

5.1 Innsyn i eigne opplysningar

Du kan be om innsyn i kva opplysningar me har lagra om deg. Du har krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan 30 dagar.

Spørsmål om innsyn i personopplysningar kan sendast til post@​ha.kommune.no. Hugs å ikkje skriva sensitive opplysningar i eposten.

Sikker sending: eDialog (link)

Du kan og senda brev til vår postadresse: Hå kommune, Postboks 24, 4368 Varhaug.
Merk konvolutten med «Innsyn i personopplysningar».

Du kan og ta kontakt med personvernombodet vårt.

Kravet ditt vil i utgangspunktet behandlast kostnadsfritt, men me kan kreva administrasjonsgebyr ved fleire kopiar, overdrivne eller grunnlause innsynsbegjæringar ( https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/den-registrertes-rettigheter/rett-til-innsyn/ )

5.2 Korrigering av personopplysningar

Du kan be oss retta eller supplera opplysningar som er feilaktige eller misvisande. 
Les meir om retten til å retta eller supplera opplysningar (link datatilsynet)

5.3 Sletting av personopplysningar

I nokre situasjonar kan du be oss sletta opplysningar om deg sjølv. 
Les meir om retten til sletting (link datatilsynet)

5.4 Avgrensning av behandling av personopplysninger

I nokre situasjonar kan du og be oss avgrensa behandlinga av opplysningar om deg. 
Les meir om retten til begrensning

5.5 Protestera mot ei behandling av personopplysningar

Dersom me behandlar opplysningar om deg med grunnlag i oppgåvene våre, eller på bakgrunn av ei interesseavveining, har du rett til å protestera på vår behandling av opplysningar om deg. Les meir om retten til å protestera.

Kontakt

Hilde Eidsaa  Bjorland
Hilde Eidsaa Bjorland
Personvernombod
Telefon: 51793101
Fann du det du leita etter?