Kommunedelplan for Nærbø sentrum

Klikk for stort bileteKommunedelplanen inneheld ei planbeskriving som seier noko om korleis me skal utvikla eit trygt, triveleg og tilgjengeleg sentrum. Sentrum skal bidra til identitet og må bygga vidare på eksisterande kvaliteter som stasjonsby, samtidig som me skal skapa noko heilt nytt.

Kommunestyret vedtok (PDF, 374 kB), i medhold av plan- og bygningslovens § 11-15, kommunedelplan for Nærbø, i møte 15. november 2018 i sak 077/18.

Hovudgrepet i planen (PDF, 9 MB) er å definere ei ny sentrumskjerne som integrerer jernbanestasjonen, torget og parken, og dagens største handelsområder i eit meir kompakt og velfungerande sentrum. Den nye avgrensinga legg til rette for ein heilskapleg struktur som knytter saman det nye sentrumsområdet, skapar liv i sentrum ved bevisst lokalisering og sambruk, bidreg til meir effektiv arealutnytting og aktiviserer offentlege uterom. Planen bygger på eit prinsipp om å lokalisere bustader, infrastruktur og tenester i ei kompakt sentrumskjerne for å redusere transportbehovet og gjer det meir attraktivt å velge kollektivtransport, sykkel og gange.

Plankartet (PDF, 4 MB) syner avgrensinga av planen, der fargekoder syner kva typer arealbruk (byggeområder, samferdsleområder og grønnstruktur) som er planlagt, og det synes ulike hensynssoner vist med skravur (kulturvernområder og områder for felles planlegging). Føresegnene gir utfyllande tekst til dei ulike arealbruks- og hensynsområda.

Kontakt

Ole Vikse
Ole Vikse
Seniorrådgivar
Telefon: 51 79 30 11
Fann du det du leita etter?