Sjukdom

Når barna er sjuke barn bør haldast heime

De som foreldre må vurdera barna sin allmenntilstand  Foreldra må og vurdera smittefaren for dei andre barna og vaksne i barnehagen. Som hovudregel skal barn med feber eller akutte diaré haldast heime. Alle barn med akutte diaré (oppkast og/eller diaré ) kan vende tilbake til barnehagen 2 døgn (48 timar) etter at dei har vorte symptomfrie. Dette gjeld også bleiebarn (Folkehelseinstituttet).

Ved smittsame sjukdomar og lus er det viktig at barnehagen får beskjed. Vi heng opp lappar slik at alle foreldre får beskjed og kan vera merksame i forhold til sitt barn. Dette gjeld for eksempel kikhoste, vannkoppar, brennkoppar, skarlakensfeber, streptokokkar og liknande. Ta kontakt med helsetenesta eller barnehagen for råd i forhold til kor lenge barna skal/bør vera heime. Barnehagen har faglige råd frå folkehelseinstituttet tilgjengeleg i barnehagen.

Folkehelseinstituttet seier at med dagens kunnskap er det ikkje av smittevernomsyn grunnlag for å råda at barnehagebarn med mild til moderat augekatarr skal haldast heime. Berre ved kraftig augekatarr med rikeleg pussdanning bør barnet haldast heime inntil pussdanninga har minka. I slike tilfelle bør de som foreldre også oppsøkje lege. Både foreldre og barnehagepersonalet må vera nøye med å vaska auga til barna ofte.
Dersom barna ikkje kan vera ute pga. sjukdom bør dei i utgangspunktet vera heime.

NB: Barnehagen har ikkje plikt til å gje barn medisin. Dersom barnehagen tek på seg oppgåva skal det fyllast ut eit medisinskjema. Spør personalet om hjelp.

Dersom barna ikkje kjem i barnehagen grunna sjukdom eller anna skal de gjer beskjed til barnehagen innan kl. 0900.

Fann du det du leita etter?