Endring i søppelsorteringa

1. januar 2019 vil det nye sorteringsanlegget til IVAR gjera jobben for deg med å sortera plasten. Matavfall og papir skal framleis sorterast i eigne dunkar.

Kva skal eg gjera med plastdunken?

Plastdunken skal ikkje brukast frå 1. januar 2019. Men la den stå. Me jobbar med å få til ei ordning der dunken skal brukast til glas- og metallsortering. Men det kan ta litt tid før dette er på plass. 

Kor ofte skal restavfallet hentast?

Restavfallet skal hentast dobbelt så ofte som nå. To gonger i månaden blir restavfallsdunken med det grå lokket tømt.

Kva skal me gjera med plastavfallet me samlar opp etter den siste hentinga i desember?

Du kan setta ut plastsekkar saman med tøming av restavfall i løpet av januar 2019. Renovatørane vil då ta med sekkane for plastavfall. Dette gjeld kun ut januar.

Moderne og miljøvenleg

Det nye sorteringsanlegget til IVAR er det mest moderne anlegget i Europa. Ny teknologi gjer at plasten blir endå betre sortert enn om me skulle gjort det sjølv heime. Då vil mindre plast gå til forbrenning, eller hamna på avveie.

Fann du det du leita etter?