Reglar for utleige

Aldersgrense

Du må vera over 20 år for å kunna leiga Lensmannsløa. Til festarrangement på kveldstid og i helger, må du vera 30 år eller meir.

Betaling

  • Bestillinga er bindande.
  • Du må betala halv leigesum viss du avbestiller seinare enn fire veker før leigeperioden.
  • Det kostar 100 kroner å endra bestilling. 
  • Du vil bli fakturert eit tilleggsgebyr om du brukar fleire rom enn du har bestilt.
  • Me sender faktura til adressa du skriv i bestillinga.
  • Lokale lag og organisasjonar i Hå som er i Frivilligregisteret, leiger gratis til eige lags arbeid i vekene. I helga må dei betala 1000 kroner for utvask.
  • Kommunale tenesteområde/avdelingar i Hå, kan leiga løa gratis kvardagar fram til kl 16. Etter klokka 16 og helgedagane, er det full leigepris. 

Tidsfristar

  • Ved vanleg helgeutleige er lokalet tilgjengeleg frå klokka 08:00 til klokka 02:00. (Fredag, laurdag og sundag)
  • Kvardagar er lokalet tilgjengeleg til klokka 23. 
  • Du kan ikkje reservera Løa lenger enn to år fram i tid til arrangement. 
  • Prisane blir justert kvart år.
  • Lokalet kan vera oppteke dagen før leigedato. Viss du vil dekka dagen før, må du leiga ein ekstra dag. Du kan ringa til servicetorget klokka 15.00 dagen før selskapet, og høyra om lokalet er ledig. 
  • Dersom du vil venta med ryddinga til dagen etter selskapet, må du leiga ein ekstra dag. 

Nøkkelkode

Nøkkelkode får du ved å ringa servicetorget i Hå rådhus tlf 51 79 30 00, nokre dagar før du leiger. Opningstidene er måndag-fredag 07:45-15:15.

Alkoholservering

Det er lov å servera alkohol i Løeståvå, men du må søka om skjenkeløyve for all servering av alkohol. Søknadsskjemaet finn du på www.ha.no/skjenking. Løyvet kostar kr 360,- for eit lukka selskap. Det er ikkje lov å ha med medbrakt alkohol i Lensmannsløa (posefest).

Dyr

Det er ikkje lov å ha dyr i lokala.

Brann

  • Du skal setja deg inn i branninstruksane som er slått opp i lokalet.
  • Rømningsvegane må ikkje sperrast
  • Viss brannalarmen går ved ein feil, og det ikkje blir avblese (ring 110), må du betala for utrykking.

Vinterstengt løe (2. etasje)

Løa er uisolert og kald vinterstid. Den er derfor stengt for bryllup og selskap frå 1. oktober til 1. mai. Løestova nede er open heile året. 

Støy

Hugs at Lensmannsløa ligg midt i eit stille nabolag. Vis omsyn til naboane, og demp lyden etter klokka 24:00. Dersom du skal spela høg musikk, skal naboane varslast. 

Rydding og vasking

Leigetakar er ansvarleg for rydding, reingjering og tømming av søppel etter bruk. Vask av golv og toalett er inkludert i prisen, men golvet skal moppast der det har vore sølt. Dersom dette ikkje blir gjort skikkeleg, fakturerer me eit tilleggsgebyr. 

Vaskeutstyr finn du i kottet bak kjøkken. Gjer reint stolar, bord, kjøkkenbenk, og det som er brukt på kjøkkenet. Rydd borda på plass etter bruk. Stabla maks seks stolar i høgden. 

Søppel

Hugs at uteområdet er midt i ein barnehage. Ikkje la sneiper og søppel ligga att. Alt avfall skal leggast i søppeldunkar i søppelskuret, merka med «Lensmannsløa». Nøkkel finn du på kjøkkenet. Ved fulle dunkar er du ansvarleg for å ta med deg avfallet.

Uhell og skadar

  • Leigetakar er ansvarleg for skade på utstyr og lokale, og må erstatta eventuelle tap.
  • Ta kontakt med servicetorget på 51 79 30 00 om noko blir øydelagt. 

Meir informasjon

I ein raud perm på kjøkkenet finn du informasjon om bruk av varmepumpe, låsing og anna.

Hugs å sjekka at alle dører er låste og vindauge er lukka før du forlet lokalet.

Fann du det du leita etter?