Trygt og godt barnehagemiljø - saman for eit inkluderande oppvekstmiljø

Mobbing har alvorlige konsekvensar for både enkeltindividet og heile oppvekstmiljøet. Barn som blir utsett for mobbing kan få langvarige skader, for eksempel i form av psykiske plager som angst og depresjon. Klikk for stort bilete

I omsorg for alle barn må barnehagen saman med foreldra bidra til at barn utviklar sosiale ferdigheiter og empati. Dei må hindre krenkingar og forhindre at enkelthendingar utviklar seg til mobbing.

Hausten 2016 har Hå kommune gjort eit godt arbeid saman med Klepp, Time og Gjesdal og utvikla ein nettstad der foreldre, tilsette og andre kan gå inn og få viktig informasjon om krenkande åtferd. Denne nettstaden finn du her:  http://www.tryggbarnehage.no/

Fann du det du leita etter?